Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

På Internett-besøk i Tanzania.

Utgave 5, 2021.


Klassebesøk.

Den 5. oktober sat Frøydis og eg i stova til Nora og var med på klassebesøk til Tanzania. To klassar var samla i Endesh, og Agnes hadde med seg utstyr slik at me kunne sjå dei, høyra dei og snakka med dei. Dei stråla. Alle ville lesa høgt for oss. Elevane kjente neppe nokon av oss, men mange har høyrt om Frøydis, og det var stas for dei og for oss. Dei har hatt undervisning i 8 månader og skal ta eksamen i november. Då får dei utdelt biblar og katekismer på iraqw, og dei får ei veke for å gjera seg kjent med desse bøkene, med Guds Ord. Så er det avslutningsfest med vitnemålutdeling. Då får dei også dei lærebøkene dei har lese, slik at dei kan undervisa andre der dei bur.


Bønnemøte i Mbulu.

Onsdag etter arbeidstid er det bønnestund for dei som arbeider der. Slik har det vore lenge. Men nå er som oftast Frøydis og Nora med dei over WhatsApp. Det hender at Solveig Norheim og eg er med. Dei syng og me høyrer på, for elles blir det berre kluss viss me syng med. Men me kan dela bibelvers med dei og delta i bønn. Det er veldig fint å ha dette fellesskapet med dei ute. Då får me vita noko om kva som skjer også. Frøydis og Nora har jo administrativ kontakt med leiarane elles og gir råd og hjelp. Så Frøydis, som rundar 88 i desse tider, er framleis med. Nå er det helst ho som er med på lærardagane på fredag med undervisning eller helsing.

Onsdag 27. oktober svikta internett hos Frøydis og Nora, så berre eg var med på bønnemøtet frå Norge. I Mbulu var Agnes, Aloice og Gabrieli. Nicodemu var ute og hadde seminar. Dei har planar om å starta tre nye klassar før jul, og dei har avslutning med tre andre. Det vart bedt for oppstarten av desse klassane, om vern på reise til og frå klassane og for barna i barnehagen. Dei ba for ein barnehagelærar som var sjuk. Så ber dei for oss i Norge også og
sender helsing.

Tenk på alle som nå har fått biblar, både dei som har gått på 9-månaders lesekurs og dei lesekunnige som har fått 3-dagars seminar! Må Guds Ord bli lese og bli openberra for dei!

La oss be om det!!


Skrive av: Kjellfrid Eggebø