Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing til Glytt

Utgave 5, 2021.


Eg ynskjer å nytta dette høvet til å takka den allmektige Gud, han som gir oss liv og som set oss i stand til alt me gjer og som elskar oss som sine barn! Utan han kan me ikkje gjera noko. Først vil eg nemna folk som ikkje kan lesa, skriva og rekna. ILCT har brakt stor glede til mange iraqw-talande i Mbulu, til elevar som har fullført kurs over 9 månader. Dei har fått kunnskap og lys over lesinga. At dei kan lesa, skriva og rekna, er på grunn av innsatsen til lærarane. Elevane tek eksamen for å testa kva dei kan, og derfor er dei ivrige etter å læra og å gjera det bra. Me har all grunn til å takka lærarane våre som underviser på dei forskjellige stadene. Utan lærarane fekk dei ikkje denne kunnskapen. Må Gud velsigna dei og gi dei stadig meir visdom! Lærarane har møtt mange utfordringar, som lange avstandar og reiseproblem, men endå har dei ikkje gitt opp, verken elevane eller lærarane deira.

Den 26. oktober var eg så heldig å få vera med til Naár då det var utdeling av vitnemål til elevane som hadde avslutning. Eg reiste saman med lærar Agnes. Eg fekk vera vitne til korleis ILCT har lukkast med leseopplæringa og kor elevane gledde seg. Etter vitnemålutdelinga song elevane ein song som takk til Frøydis. Dei sa at utan henne hadde dei ikkje fått denne kunnskapen. Og dei ber for henne om at Gud må velsigna henne enda meir!

Me har all grunn til å takka Gud for at ILCT har lukkast med å spreia Guds Ord på denne måten. For det første: Guds Ord blir brakt vidare ved at elevane får Bibelen på iraqw. For det andre: Dei har lært å lesa Bibelen på iraqw. For det tredje: ILCT har breidd seg til forskjellige område i Mbulu fylke, til Mbulu sine landsbyar og til nokre landsbyar i Babati, så dette er eit stort område. Til sist: Må Gud gi alle leiarane våre i Norge og Tanzania visdom frå Gud. Må Han gå føre og leggja til rette for mykje god samhandling, mellom dei og med ILCT sine støttespelarar.


Matt. 7,7

Helsing
Aloice Amnaay, 5/11-21
Omsett av Kjellfrid Eggebø


Skrive av: Aloice Amnaay, omsett av Kjellfrid Eggebø