«Då Frøydis Nordbustad 25.08.2005 fekk St. Olavs-medaljen frå Kongen, trudde mange at dette, saman med den ferdige iraqw-bibelen, var krona på verket og slutten på kallet og strevet. Men nei, også dette er berre eit trappetrinn for Frøydis, ja kanskje ein avsats. Ho ser framover mot målet: Når alle iraqwtalande kan lesa seg frelst og fri i sin eigen bibel!» Og det gjer ho framleis. Gjer du?
Mange som Gud har kalla til å stå saman med Frøydis har måtta leggja om planane sine for å gå Guds vegar, fordi Gud la iraqwfolket på hjarta deira. Guds frelsande omsorg driv oss. Vi også treng korrigera våre planar så dei samsvarar med Guds planar. «For mine tankar er ikkje dykkar tankar, og dykkar vegar er ikkje mine vegar, seier Herren.» Jes. 55,8. Må våre val vera i samsvar med Guds plan for og med oss, så vi heilhjarta kan seia: «Ja, vi vil!»