Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Nytt frå Mbulu

Utgave 1, 2018.


På eit Skype-møte, 7. februar, fortalde Agnes at arbeidet gjekk godt og hadde framgang. Både staben og lærarane arbeider godt saman. Alle har stor arbeidsglede og tek ansvar.

I barnehagen går det bra med lærarane og med borna. Det har vore litt problem med sein betaling frå foreldra ei tid, men det har blitt betre etter at vi fekk retningslinjer som bestemte kva dag det skulle betalast.

I landsbyane Dirim og Harsha har dei venta lenge på at vi skulle starta leseklasse. I Dirim var det så mange påmelde at ikkje alle kunne få plass i dei to klassane som skal starta der neste veke. Der har vi fått eit lærarteam, og har økonomi til å lønna dei.

I Harsha var det 20 analfabetar som var påmelde. Agnes skulle reisa til Dirim og Harsha for å sjå om alt var godt tilrettelagt med klasserom, og hus for lærarane å bu i. Og så skulle ho prøva å finna lærarar som var viljuge til å gå til Harsha.

Å vera lærar i ILCT er krevjande. Det er å gå frå landsby til landsby på vegar som ofte er uframkomelege med bil. Når dei underviser i to klassar per dag, og klassane ikkje er i same landsby, vert det mykje gåing. Mange gonger meir enn ein time å gå mellom klassane.


Skrive av: Agnes Philipo