Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing frå Mbulu II.

Utgave 4, 2021.


På vegne av ILCT i Mbulu helsar eg Nora og Frøydis og alle som støttar arbeidet med pengegåver og bønn! Me i ILCT Mbulu har det bra, og det går fint med dei ulike arbeidsoppgåvene. Det er stor grunn til å takka Gud for at ILCT si verksemd er utvida til nye område her i Tanzania, og for innsatsen til dei tilsette. Utanom undervisning i leseklassane, 3-dagars lesekurs og barnehagen takkar me Gud for at ILCT nå høyrest av mange gjennom radioen Habari Njema (God bodskap). Programmet kallast «Lær å kjenna bakgrunnen din», og blir sendt kvar onsdag kl. 22.15 og kvar fredag 21.15. Det startar med gåtegjetting, noko som er svært populært.

Me takkar Nora for at ho gjekk med på å starta kurs for hjelpelærarane frå Dongobesh-området kvar fredag, «Mini TTP». Denne undervisninga held fram, og dei som deltek har lova å bli gode lærarar. På avslutninga for 3-dagarskurset i den lutherske kyrkja i Ngorat i Gidhim, sende dei helsing til Frøydis og Nora. Det var eit fint seminar med 27 deltakarar der alle fullførte, tok eksamen og fekk vitnemål og bibel. Dei takka svært for kurs og for biblar og dei sa: «Må Gud velsigna Mama Frøydis rikeleg for tanken og kallet til innsats for iraqwfolket, for nå les dei Guds ord på deira eige
språk! Denne nåden me har fått, måtte den også bli andre til del!» Evangelisten var elev, og dei lova oss at dei vil starta klasse for analfabetar. Leiaren for klassen fekk ordet, og han ønska at kurset skulle fortsetja, for det vart berre kjekkare og kjekkare. Til slutt las evangelisten Mali frå Johannes 9, 4-5.

Gud er med oss i arbeidet. Me reknar med fleire A- seminar på dei nye områda for klassar i næraste
framtid. Barnehagen går det fint med. Foreldra skryt framleis av barnehagen, sidan me har så dyktige lærarar.

I tillegg til alt dette som har lukkast og gir glede, takkar me Nora for å leia ILCT og for å gå med på å kjøpa ny bil for å letta arbeidet her i Mbulu. Me skal takka endå meir viss me får denne bilen snart! Me bed om at Gud må gi dykk styrke til fortsetja dette gode tiltaket. Kvar me kjem sender dei masse helsingar og takk. Må Gud velsigna dykk!

Mange helsingar til ILCT Norge!

1. Samuelsbok 7,12: «Så langt har Herren hjelpt oss»


Skrive av: Nicodemu Ammi, omsett Kjellfrid Eggebø