Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Iraqwopplæring og katekismeseminar i Mbulu bispedømme.

Utgave 4, 2021.


Det begynte med besøk av presten i Kansay, ein elev frå Waama, som opna opp for seminar i 2011. Han fortalde at han hadde lese katekisma på iraqw og vart så velsigna. Nora hadde snakka om iraqw og katekismekurs, men det var ikkje lett å komma i gang. Me hadde 2-dagars seminar med 14 deltakarar i Kansay. Seinare var ein annan prest, som òg hadde vore min elev, villig til å prøva med kurs i Datla/a med 15 deltakarar. Dei var positive, men kontakten hadde vore direkte, ikkje gjennom bispedømmet, så me kom ikkje lengre.

Men i 2015 gjekk biskop Nsanganzelu inn for å ha slike seminar, og han skreiv til fleire prestar i Mbulu prosti. Hausten 2015 starta me på senteret i Mbulu, og Frøydis og Nora var med og underviste der. Det vart fem stader i Mbulu prosti for 70 deltakarar, og i 2016 hadde John Yasenti og Kjellfrid 6 seminar i Dongobesh prosti for 157 deltakarar. Evangelisten og ein kristen frå kvar utstasjon skulle delta. Seinare same år var me i Haydom prosti med 7 seminar for 243 deltakarar i alt, og i 2017 var me i Hanang prosti med 11 seminar. Der var 247 deltakarar. Me starta alltid med andakt. Første dagen heldt John Yasenti tre undervisningstimar om iraqw; om bokstavane dei ikkje har i swahili, korte og lange vokalar og låg og høg tone. Mi oppgåve var songar på iraqw, songar dei kjente på swahili og ukjente melodiar. Gitaren kom vel med.

Andre dag var katekismedagen, med orientering om Luther og katekisma. Me foreslo måtar å bruka katekisma på og gjennomførte ei samling. Så vart det understreka kor viktig det er å lesa Guds Ord og bruka katekisma. På slutten av dagen skulle dei vera i små grupper og berre bruka iraqw. Det vart ei gledeleg overrasking for mange kor flott det var å bruka berre iraqw i ei samling. Dei song, las, snakka og bad på iraqw. Me såg korleis dei fryda seg, og dei ga uttrykk for kor fint det hadde vore. Mange av prestane og evangelistane bad oss komma og halda 3-dagars seminar for dei som kan lesa, og 9 månader skule for analfabetar. Ein prest sa: «Av mine rundt 30 konfirmantar på ein utstasjon, kan berre halvdelen lesa.» Ein prest trygla om at ein av evangelistane hans måtte få læra å lesa. Alle fekk songhefte og katekisme, og dei kunne kjøpa biblar til rimeleg pris. Eg trur me selde rundt 600 biblar og delte ut over 1200 katekismer. Me delte ut katekismer til bruk i grupper så langt lageret rakk. Nå er den trykt opp att. I alt hadde me 31 seminar for omkring 746 deltakarar. Med to frå kvar utstasjon/hovudkyrkje, hadde me rundt rekna folk frå over 350 stader. Og nesten alle prestane og evangelistane i Mbulu bispedømme var med.

Til nå har undervisninga ikkje nådd Haydom og Hanang. I Ufana har me just starta, og der er rundt 20 utstasjonar. Kansay og Endabash ventar. Dei 15 hjelpelærarane kan snart overta klassane i Dongobesh- området, slik at hovudlærarane kan gå vidare. Men det er så altfor få. For meg personleg var desse seminara eit stort under. Det var svært gildt å møta så mange gode medarbeidarar i Guds rike. Me opplevde vern og vakt på reisene, og vart svært godt mottekne. Kva det har blitt ut av det heile, veit berre Gud. Men det var gildt å få vera med på det.


Skrive av: Kjellfrid Eggebø