Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Guds løyndom openberra i Jesus!

Utgave 4, 2021.


«Søk Herren medan han er å finna, kall på han når han er nær! Den urettferdige skal venda seg bort frå sin veg, ugjerningsmannen frå sine tankar, og venda om til Herren, som vil visa miskunn, til vår Gud, for han er rik på tilgjeving.» Jes. 55, 6-7.

Gud hadde heile vegen ein plan om korleis han skulle gjenoppretta alt etter syndefallet. Det ser me på israelsfolket si vandring gjennom ørkenen, til dei nådde det lova landet. Endå meir ser me det då Jesus kom til jorda, alt det han gjorde, og måten han var på i møte med det enkelte menneske.

Den dagen Jesus vart døypt hende det noko heilt spesielt. Johannes døyparen vegra seg mot å døypa Jesus, men Jesus visste at dette måtte han berre gjera. I det Jesus vart døypt, vart også heile verda si synd lagt på den reine og fullkomne Jesus. For ei bør han måtte bæra heilt fram til Golgata! Tenk, all synd i ditt liv vart lagt på Jesus den dagen! Røysta frå himmelens Gud bekrefta nett dette: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede!» Her låg løysinga! «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!» Dette var Johannes døyparen sitt vitnemål om Jesus.

I 3. Mos. 16, 20 - 22 står det om syndebukken.
Dei skulle leggja hendene på ein levande bukk og sanna syndene til israelittane, så skulle bukken sendast ut i ørkenen, og dei skulle ikkje sjå han meir. For Jesus gjekk vegen til slutt om Getsemane, Via Dolorosa og til Golgata. Sigersropet var: «Det er fullført!» Dette måtte Jesus gå igjennom for deg! Derfor kan Jesaja seia: «Han er rik på tilgjeving.»



Det er nok, det som Jesus gjorde,
det er nok, det som han har sagt.
Han har sona di synd, den store,
og deg vunni så rein ei drakt.


Skrive av: Solveig Norheim