Me gler oss over at me igjen kan samlast. Sætervika Ungdomssenter viste seg å vera ein god stad å ha møte, og me gler oss til å vera der igjen. Det var jo der Frøydis Nordbustad og Nora Klungseth møttest for første gong, og snøballen begynte å rulla. Undrast kor stor den skal bli? På møtet vil me få vita meir frå dei om korleis det står til. Solveig Norheim og andre vil dela Guds Ord med oss. Håpar mange finn vegen til Sætervika desse dagane. Leirstaden ligg ved Samnangerfjorden, fem mil frå Bergen og 3 km frå Tysse sentrum. Bygningar og rom er fine, og det er heis i hovudbygget.
Dei har kanoar, robåt, eigen badeplass og badebryggje.
Heile opphaldet kostar kr. 1500 for dei som bur på dobbeltrom, kr. 1600 for enkeltrom.
Det inkluderer sengetøy som ein legg på sjølv. Ved bruk av eige sengetøy blir det 100 kr. billegare.
Me må ha innmelding innan 15. juni. De kan ringja eller senda sms/mail til
Kjellfrid Eggebø
tlf. 48367911 mail: kjellfrid.eggebo@gmail.com eller
Margaret Hetland
tlf. 41637089 mail: margaret.hetland@lyse.net.
Opplys om du har allergi angåande mat. Vil du ha enkeltrom eller dobbeltrom?
Hjarteleg velkommen!
ILCT
Postboks 103
6891 Vik i Sogn