Det er ei underleg tid vi har lagt bak oss og framleis er i. By etter by og bygd etter bygd er stengd, og vi blir oppmoda om å halda avstand - 2 meteren - og helst halda oss heime. Landegrenser, skular, butikkar og endåtil kyrkjene har vore stengde.
Men Gud let seg ikkje stengja ned av ein pandemi. Han arbeider på høgtrykk bak stengde dører, på og frå heimekontor, over landegrenser og kontinent. Let seg ikkje stoppa av åndsmakter eller menneskeleg makt. Og vi må heller ikkje tillata at noko får stengja oss ned.
Underleg er det å sjå korleis Gud i denne surrealistiske tida har lært oss nye måtar å arbeida på. Avstand, stengde dører og grenser har aldri vore noko hinder for han, og no er det ikkje lenger noko hinder for oss heller. Arbeidet er ikkje nedstengd, men utvida. No deltek vi digitalt i klasseromet og på møter, som om vi var fysisk til stades saman med dei.
Nye dører og stengde område opnast! Og for å kunna imøtekoma behovet for leseopplæring i dei andre prostia også, har vi opna ein ny TTP-klasse for å få fleire lærarar. Det er undervisning for 18 hjelpelærarar kvar fredag. Måndag til torsdag underviser dei. Planen er at desse skal verta klassestyrarar, som saman med nye hjelpelærarar skal opna leseklassar i bygder som ligg i gangavstand frå heimstaden deira. (Maks. 2 timar i gang- eller sykkelavstand.) Agnes, Nicodemus, Bertha, Frøydis og Kjellfrid er lærarar.
Det er ein fryd å sjå korleis studentane syg til seg ny kunnskap, og å sjå korleis Mama Frøydis yngjest oppatt framfor klassen. Ho gløymer heilt at ho underviser frå stova eller kjøkenkroken heime. Ho helser på studentane ein etter ein; dei kjem med gode og oppmuntrande kommentarar, takkar og vinkar tilbake.
Desse lærarstudentane er frå området rundt Dongobesh, og dei skal fortsetja å undervisa i dei bygdene som vi ikkje har nådd enno. Lærarar som kan pendla, startar med leseopplæring i nye prosti. Det er skremmande å sjå at talet på analfabetar er så høgt. Det hastar å nå ut med Ordet, - tida er kort. Pga. ROPET frå analfabetane og det hastverket vi dermed har fått, har vi endra programmet litt. Før fekk elevane 6 mnd. lesetrening i studiegrupper etter fullført kurs. No får dei berre bibel-/katekismekurs i ei veke før lærarane flytter til neste bygd. For fire år sidan fekk vi trykt oppatt 10 000 iraqw-biblar. Stor takk til alle som gjorde det mogeleg. No gjeld det distribueringa. Biblane må ut av konteinaren, ut til bygdene, og nå fram til alle lesehungrige. For å lukkast med dette treng vi ny bil. Takk til dykk som har sendt oss øyremerka gåver til den. Bilen vi hadde på hand, vist i førre nr. av Glytt, vart seld til ein annan. Neste tilbod blei for dyrt for oss. Den var ny.
Berre dei dyraste bilane står att på lager, fordi det ikkje har kome inn fleire bruktbilar under pandemien. Dette er eit stort bøneemne. Ein god bil er vi avhengige av for å nå fram til dei avsidesliggande bygdene langt utanfor allfarveg.
Medarbeidarane våre i Mbulu treng vår omsorg og hjelp, og vi treng deira omsorg og forbøn. I samarbeid med Han som gav oss kallet er vi sterke. Salme 126,6: «Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn, med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband».
Varm takk for godt samarbeid,