Mbulu 4.06.2021
De kjære: Me helsar dykk i Jesu Kristi namn! Herren har hjelpt oss, så arbeidet har gått bra frå starten av 2021, og me held fram med å undervisa vaksne i landsbyane. I mars i fjor vart klassane for vaksne sett på vent i 3 1/2 månad. Me ringde til lærarane og bad dei stansa undervisninga til staten opna igjen, grunna korona. I juli fekk me lov å setja i gang att, og til nå har det gått fint med klassane. I september planla eg eksamen og avslutning for fire klassar: i Mongahay, Utwari, Dambiya og Nar. Desse klassane er avslutta og elevane gledde seg over å læra å lesa, skriva og rekna. Gleda var stor over å få som gåve ein bibel som kan hjelpa dei til å bli kjende med Jesus som Frelsar. Gud hjelper oss også i oppgåvene på kontoret. Ofte får me oppmuntring frå Guds ord morgon, middag og kveld, særleg Salme 1,1-3.
Desse versa gir meg styrke kvar gong eg startar på ei oppgåve eller har samtalar med folk. Det gjeld òg når eg leitar etter nye klassar og nye stader. Framleis er der problem, men når du les Guds ord får du trøyst. Alt dette gjer me ved hjelp av hans kraft, ikkje vår.
I Dongobesh prosti, som har sokna Qaloda, Tumati, Hare/abi, Gidihim og Bashnet, har me fortsatt undervisning. Me har òg starta opp i Ufana, som nå har blitt eige prosti. Arbeidet går fint på denne nye staden, og me har blitt vel mottekne.
Klassen i Daalagwen hadde avslutning i mars. Elevane sende mange takk til ILCT og sa at dei nå var vel rusta til å hjelpa venner som ikkje skjønar swahili, og difor ikkje har nytte av å vera med på gudstenester. Dei kan lesa Guds ord heime for dei, på deira eige, flotte språk.
I Endala og Holaqa har dei hatt eksamen. Desse var ikkje flinke til å møta opp, og dei hadde ikkje lært det dei trong. I Endala var dei 16, i Holaqa 6 av 15 som starta. Det er sanneleg lett å gi opp, men la oss gå med på at områda er forskjellige. Etterpå spurde eg kva som var årsaka til at folk ikkje ville komma. Dei svara at dei kjente på skam og redsel. Korleis skal me få bort skamkjensla hos elevane våre? Det er så mange som ikkje kan lesa og skriva, særleg unge folk i giftealder. Mange har bruk for vår hjelp, og me prøver å finna og oppmuntra dei.
Nyleg opna me ein klasse i ei KLM-kyrkje i Hare/abi, med 15 elevar. Desse får undervisning frå 7 til 9 om morgonen, og dei er flinke til å møta opp, - ikkje likt somme andre stader. Dei oppmuntrar kvarandre. Ein av elevane fekk dei andre til å le ved å seia: «Eg fekk ikkje undervisning då eg var barn. Nå er eg vaksen, og eg skal møta opp kvar dag. Eg skal komma til rett tid slik at eg kan bli som læraren vår og undervisa andre.» Han fortsette: «Må Gud verna og vakta den personen som kom med planen om undervisning for vaksne, heile livet.» Her nemner dei /Awakí (Frøydis).
Ein annan ny klasse er i KLPA, Man-ng’ay, med 15 elevar. Dei har timar midt på dagen fordi lærarane her er dei som først underviser KLM om morgonen. Så må dei gå 1 time og 45 min. og etter timane går dei heim. Desse elevane sa: «Me som var gløymde av staten er tenkt på av eitt menneske. Sei til den som starta dette, at vedkommande må fortsetja å hjelpa folk. For det er mange i landsbyane, små og store, som treng hjelp.» La oss difor be om at dei får lyst og trong til å læra, særleg Guds ord.
Den 12. mars i år begynte me å undervisa hjelpelærarane i mini-TTP (Teacher Training Program). Det er 18 elevar og dei set stor pris på undervisning kvar fredag. Dette gir dei meir grunnleggjande kunnskap enn på samlinga for alle lærarane siste fredag i månaden.
Eg, Agnes, førebur meg grundig til undervisninga for desse lærarane. Eg gler meg over å vera leiaren deira, for eg får mykje ut av kontakten med dei. Eg blir kjent med dei og kva dei kan. Den som har minst kunnskap, må eg vera nær med kjærleik og tolmod. Dei får undervisning og prøvar. Me rettar stoffet saman, og dei tek imot rettleiinga med glede.
Fil. 4,4: «Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!»