Ein stad å bli kvitt bører.
Det var opptrinn i kyrkja før påske. Eit stort kors vart sett opp framme i koret. Ungdommar kom gåande inn midtgangen med forskjellige bører. Ei bar ein tung stein, ei var heilt nedbøygd av ein stor sekk, ei var bunden med eit tjukt tau og andre bar sine forskjellige bører.
Dei fyrste kom fram til korset og la børene frå seg. Ho som var bunden fekk hjelp til å få tauet av, og ho med den tunge steinen fekk også hjelp. Plutseleg ser eg den ungdommen som var heilt nedbøygd gå bort frå korset, framleis med børa på.
Kvifor var ikkje denne børa hamna hjå han som seier: «Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gi dykk kvile»? Matt.11,28.
Trudde ho ikkje at det fanst hjelp for henne? Trong ho hjelp og ingen var der for henne? Hadde ho lagt børa av og tatt den opp att?
Kvelden etter tenkte eg på dette og planla å dela det på ein andakt neste kveld. Samtidig var det noko anna eg grua for neste dag. Då måtte eg seia til meg sjølv: Hei Kjellfrid, nå går du sjølv forbi korset utan å leggja av dette du gruar for! Der finst ein stad, eit kors hos Jesus, der me får leggja av alle slags bører. La oss ikkje bera børene våre forbi korset, men gi dei til Han som kan og vil ta seg av dei.
Ei bør kan vera så mangt. Først og fremst tenkjer eg på syndene mine. Så stort det er at eg skal få gå til Jesus med dei! «For du, Herre, er god og tilgjev gjerne.» Salme 86,5. Jesus tok på seg alle syndene våre då han døydde på korset.
Me kan vera redde, grua for ting, vera urolege for framtida og mykje anna. Der er ein plass til å leggja av alle desse børene. HOS JESUS. VED KORSET.
«Og den som kjem til meg vil eg slett ikkje støyta ut». Johs.6,37