Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing

Utgave 2, 2021.


På vegne av ILCT Mbulu sender eg hjartelege helsingar til Nora, Frøydis og ILCT i Norge. Me her i Mbulu har det veldig bra, og arbeidet med undervisning av klassar, i barnehagen m.m., held fram på ein god måte. Vi gler oss over at svært mange har fått læra å lesa, skriva og rekna. Og endå viktigare er det at dei har lært å lesa Bibelen på sitt språk, iraqw. For tida fortset undervisninga i Dongobesh prosti i seks bygder, med 11 klassar i alt.

Eg vil overbringa stor takk til Nora og Frøydis for at dei gjekk med på å auka talet på barn i barnehagen frå 40 til 60. Folk i Mbulu er svært takksame for at me starta opp barnehagen, og borna får god oppfølging, sjølv om dei er 60 born og berre seks lærarar. Samtidig med gleda over gode resultat, må eg også få kondolera ILCT etter tapet av læraren Angela Ami, som gjekk bort. Ho var lærar i Dalagwen i Tumati-området. Me har verkeleg mista ein viktig person, og tomrommet etter henne er stort for ILCT.

Me er takksame for at Nora og Frøydis forstår kor problematisk det er for oss utan bil når me skal ha tilsyn med klassane. Difor er bøna vår at det måtte la seg gjera, om mogleg, å kjøpa ein motorsykkel for å komma seg omkring, særleg nå i denne koronatida.

Jesaja, 44,1-5.


Skrive av: Nicodemus Ammi Omsett av Kjellfrid Eggebø