Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Ei eg vil hugse.

Utgave 1, 2018.


Moster mi, Karen Foldøy, døydde nyleg, 98 år gammal. Ho og mor var sterkt knytta til einannan, og Moster hadde stor omsorg for meg òg. Ho var aktiv i Misjonssambandet, men fleire gonger kom ho med ei gåve til ILCT. Ho sende ikkje sjølv, men ho hadde nokon som kunne vidaresenda pengane.

Nå har ho fullenda tenesta i kvardagen, i Misjonssambandet og i ILCT. Då ho var kokke på Kvitsund, såg folk hennar teneste, men kor mange som har sett den etterpå, veit eg ikkje. Men ho og onkel var trufaste.

Slik trur eg det er med fleire av dykk som les dette. De står på i det stille, i forbønn, givarteneste og lever ut Kristus-trua i kvardagen. Jesus ser deg, og han veit kva du treng. Det du gjer er av verdi for mange.

Sjølv kom eg heim frå Tanzania 24. august. Eg undrast kva eg kunne vera med på midlertidig heime. På eit møte vart det klart for meg at eg skulle ta med gitaren og syngja og dela noko frå Guds ord og arbeidet i Tanzania på avdelinga til Moster på sjukeheimen. Moster hadde mista mykje av høyrsla, slik at ein måtte snakka inn i ein forsterkar. Dermed fekk ho lite høyra på ein vanleg andakt. Men når eg snakka inn i forsterkaren og ei anna song inn i den, fekk ho meir med seg.

Nå ser eg Guds omsorg for Moster gjennom denne oppgåva han gav meg. Eg reknar med ny utreise til Tanzania nokså snart, men eg veit ikkje datoen ennå. Det eg veit er at eg treng forbønn for oppgåvene ute. Så gler eg meg til å møta att vennene i Tanzania.


Skrive av: Kjellfri Eggebø