Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Me treng bil !

Utgave 2, 2021.


Mercedes Benz-en, 1983-modell, brukt av Nato og politi før den vart sendt til Tanzania i ein konteiner, har vore til uvurderleg hjelp. Men nå vil den ikkje meir. Clutch, gir, dører m.m. streikar, og reservedelar får me ikkje tak i. Det var jo ein bil som kunne gå i ulendt terreng, opp og ned bratte bakkar, og komma seg opp or sørpeholer. Bilen har vore til stor hjelp. Den har komme fram der andre bilar har gitt opp. Likevel trur eg at både mi og andre si køyring med den har gitt englane mykje arbeid. Takk og lov for at det har gått godt!

Me begynte undervisning av analfabetar i Mamaisara i 2006. Det var ikkje så ille langt, men slik vegane var for det meste, tok det lang tid og det var krevjande nok til tider med dei bilane me hadde. Men etter kvart utvida me til stader der Mercedes Benz-en klarte brasene.

Me hadde eit visst opplegg det meste av tida: Kontakt med prest, evangelist eller landsbysjef, med planlegging av klassar og stad å bu for klassestyrar som måtte vekependle. Så var det vising av Jesus- filmen og opplysning om tredagars-seminar for dei som kunne lesekunsten og ville læra å lesa sitt språk, iraqw. Dei flinkaste vart spurde om å vera hjelpelærarar. Og så vart folk inviterte til 9 månaders skulegang for analfabetar. Ved oppstart var det utstyr som trongst. Til eksamen og avslutning trongst hjelp frå senteret. Så bil måtte til. Me har ikkje undervisning på dei lettast framkommelege stadene. Det er klare grunnar for at folk der ikkje kan lesa.

Me har vist Jesus-filmen på mange andre stader enn der me hadde klassar. At sjåførane kom seg fram, undrast eg over mang ein gong.

Nå er klassane i Dongobesh-området saman med Tumati og snart Ufana. Det er ein times køyring til Dongobesh, men meir til fleire av stadene. Det er ikkje mykje trafikk, men du må velja kvar på vegen du vil køyra. Me plar spørja kva side ein køyrer på i Tanzania. Det er venstrekøyring, men svaret er : Der det er best å køyra. Det humpar ein del, og er det tørt, fyk støvet rundt og inn i bilen. Du blir trøytt av å rista.

Det er lenger å reisa til Ufana, og etter som me utvidar, blir det større avstandar. På ein ny stad må ein avtala med leiarar som tek imot oss og gir oss rom til klassen. Klassestyrar som er vekependlar, treng ein stad å bu saman med litt utstyr som madrass og kokekar. Klassen treng bøker m.m.

Somme kyrkjer treng tavle. Lærarane kjem ein dag i månaden til Mbulu for å få litt betaling, få undervisningsmateriell og levere rapport frå månaden. Dei får også påfyll av kunnskap. Ein gong då me var på veg heim etter ein kursdag i Mamaisara, greidde me ikkje å koma opp ein bakke på grunn av mykje regn. Me fekk ein ukjent mann til å passa på bilen, og så gjekk me dei 3 km som var att. Ein i flokken brakk av stavar til oss frå buskar langs vegen. Det var ein sørpeglatt veg å gå, men det gjekk godt både for Kristina og meg og dei som var yngre. Neste dag var det lettare å gå, og bilen hadde hatt det bra. Håpar du vil vera med på å skaffa ein brukbar bil!


Skrive av: Kjellfrid Eggebø