Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing til Glytt

Utgave 2, 2021.


Me helsar dykk kjære i Jesu namn!

Takk til Gud for at han har bevart oss, verna oss og ført oss fram til dette året 2021!

Leseopplæringsklassane har nå vore i området Dongobesh prosti heilt frå januar 2017. I Hhare/bí sokn har me undervist på fylgjande stader: Hhare/abí, Betheli, Dirim, Mandagew og Dambiya, med to eller tre klassar etter einannan. I Tumati sokn har me vore i Tumati, Mungahay, Yoratamburda, Hharsha, Daalangween og Endesh. I Qaloda sokn har vi hatt klassar i Qaloda ̧ Baryomot, Labay, Naar, Utwari og Bashnet. Me har nå to klassar i Endala.

I Gidihim sokn er me i Holaqa med ein klasse. Det er eit stort arbeid, og me har nådd over 3⁄4 av landsbyane i Dongobesh prosti.

Me har ennå ikkje begynt i Ufana prosti ̧ men det er planar om å starta klassar der i mars 2021. Me har planlagt A-seminar saman med evangelisten i Datari nær Ufana. Evangelisten Pricilla og presten i Ufana har invitert oss og ønska oss velkommen.

Då me starta klassane her i 2017, kalla me lærarar som var ferdige i Mamaisara og i Datla/a og sende dei til Dongobesh prosti. Der skulle dei undervisa elevane og vera leiarar for klassane. Dei var seks lærarar. Av dei som tok A-seminar valde me ut dei flinkaste til å vera hjelpelærarar. På kvar stad hadde vi ein hovudlærar og fire hjelpelærarar. Alle desse var glade i å undervisa. Det har vore hjelpelærarar fram til i år.

Den 14. februar vart Angela Ami flytta heim til himmelen. Ho var hjelpelærar i Daglogween i Tumati- området. Kondolerer til alle i ILCT over å ha mista ein lærar med stort hjarte for elevane og mykje tålmod i arbeidet!

Til slutt: La oss be enda meir for einannan i dei forskjellige tenestene me står i!

Hjarteleg takk!

Jesaja 59,1: «Sjå, Herrens hand er ikkje for kort til å frelsa, og øyret hans er ikkje for tungt til å høyra.»


Skrive av: Agnes Philipo