Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kledt i frelsesskrud!

Utgave 2, 2021.


I Jesaja kap. 61 møter me Messias som vitnar om seg sjølv og den store oppgåva han er sett til.

«Herrens Ande er over meg; for Herren Gud har salva meg. Han har sendt meg til å forkynna ein gledesbodskap forarmingar, til å lækja dei som har eit knust hjarta, til å ropa ut fridom for fangar og frigjering for dei bundne.» Jes.61,1.

Me er komne inn i fastetida, det sterke påskeevangeliet skal forkynnast. Me skal få fylgja Jesus når han rid inn i Jerusalem. Hosianna-ropet rungar, Jesus blir hylla som konge! Jesus og læresveinane har mange ulike samtalar i lag. Det er viktig for Jesus å førebu læresveinane til det som skal skje!

Så tek Jesus dei med seg til nattverdsalen! Her skulle me ha stoppa lenge og fått med oss fotvaskinga, samtalen under nattverdsmåltidet og bønestunda etterpå. Ja, så lenge er dei på nattverdsalen at lovsangen får ta tak i dei! Så møter me Jesus i Getsemane-hagen. Ein kamp for dei alle, men ingen kjempa som Jesus! Etterpå er dei rusta til å gå ut imot fienden! «Kven leitar de etter?» spør Jesus fienden! Smak ei stund på Jesu svar: « Det er eg, lat desse gå!» For ei bøn Jesus ber for alle sine!

For Jesus går vegen vidare til forhøyret, - klungerkruna og krossen må han bæra! Han når Golgata, og til sist kan han ropa ut; «Det er fullført»!

Vågar me oss inn i hagen, til grava, vil me få møta den levande og oppstandne Jesus! For eit evangelium!

For oss gjorde Jesus alt dette for å kle oss i frelsesskrudet! Synda er sona, gjelda betalt. «Eg vil gleda meg storleg i Herren, mi sjel skal jubla i min Gud. For Han har kledt meg i frelsesskrud og sveipt meg i rettferds kappe!» Jes. 61.10.

Så er det dette som held og som gjeld framfor Gud i dag!

«Det er nok, det som Jesus gjorde, det er nok, det som han har sagt! Han har sona di synd, den store, og deg vunne så rein ei drakt!» Sangboka nr. 145.

God påske!


Skrive av: Solveig Norheim