Mercedes-Benzen, 1983-modell, har hatt problem nokre år no. Den er 37 år og har hatt ei lang og farefull fartstid. Fyrst som Nato-bil, så nokre år i teneste hjå politiet, for tilslutt å enda opp som feltbil for ILCT i Tanzania. Den har vore ein trufast slitar, men no tykkjer den visst det er nok. Giret kranglar og seier «vil ikkje vil ikkje» og speedometeret vil heller ikkje gjera jobben sin, dørene vil ikkje låsast, og som om ikkje det var nok, har clutchen også streika. Det vart vel for mykje for han, då han køyrde seg fast i gjørma i februar 2020.
No står han berre der og surmular for dårlege arbeidsforhold hjå ILCT. Hadde han fått Covid -19, så hadde det før eller sidan gått over, og han kunne vorte friskmeld. Dette er verre, for delar til denne gamle travaren er ikkje å få i Tanzania. Er det einkvan som veit om ein clutch til denne bilen?
Ei lukke at det var midt i koronapandemien bilen stoppa, for i 2020 kunne ikkje Agnes reisa frå bygd til bygd for å vitja klassane på grunn av smittefaren. Men no er det full fart att. Nye klassar ventar på at Agnes skal koma for å gje hjelp og rettleiing. Vi fekk arbeidsløyve for 10 nye år. Mange biblar ligg i «bibelkonteinaren» og ventar på å bli tekne i bruk, og mange folk i alle aldersgrupper ventar på å få læra å lesa den.
ILCT driv eit unikt arbeid, som ikkje må stranda saman med denne utslitne bilen. Det er eit gunstig tidspunkt å kjøpa ny bil på no, på grunn av pandemien. Og vi håper at det lèt seg gjera å få ein brukbar bruktbil for ca. nkr. 350 000.
Vi har hatt ståande pengar øyremerka bilkjøp. Diverre har vi, på grunn av sviktande inntekt i fjor, brukt ein del av dei. Men vi greier eit skippertak til vi, ikkje sant? Saman er vi sterke. Det har vi sett så mang ein gong. Blir du med på denne dugnaden òg? Utan ny bil kan vi ikkje fullføra oppdraget vårt. Ein har så smått byrja å sjå etter ein brukt Highlux med 4 dører og lasteplan. Når klassar skal starta i nye område, er det alltid mykje utstyr som skal køyrast på plass. Utstyr til bruk i klassane og til hybelen til læraren må på plass før ein kan opna klassane.
Takk for godt samarbeid. Det er mi bøn at Gud må velsigna og vara deg, og fylla det nye året med mange gode og meiningsfulle dagar.