Det er ei underleg tid vi har lagt bak oss. Mange vanlege aktivitetar har fungert etter eit «av og på» program. Til tider har det vore «lock down» mange stader, og i så mangt her heime, men ILCT sitt arbeid i Mbulu har vakse trass i denne pandemien. Då skulane vart stengde i Tanzania, måtte seks lærarar slutta å vekependla. I staden byrja dei med heimeskule for familien og naboar, medan dei lokale hjelpelærarane fortsette å undervisa i klassane. Dermed fekk vi 18 klassar i staden for 12, og alle klassane fekk gode eksamensresultat.
No er situasjonen normalisert. Alle lærarane er på plass i klassane igjen, og 12 nye klassar er starta. Som ei prøveordning skal dei flinkaste hjelpelærarane få opna to nye klassar i sitt eige nærmiljø. Dei er deltidstilsette og kan ikkje pendla. Hovudlærarane startar opp arbeid i nye område og får nye hjelpelærarar der. Slik gjer iraqw-bibelen sitt inntog til stadig nye bygder. Dette krev meir av Agnes, som er rektor. Oppstart, oppfølging, tentamenar og eksamen o.a. krev mykje reising, og med ein baby på ryggen vert det krevjande utan bil. Her heime har det vore «lock down»-tilstand av mange grunnar. Difor kjem første nr. av Glytt 2021 svært forseinka. Vonar du ikkje har gløymt oss av den grunn.