Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Barnehagen

Utgave 1, 2021.


Stor takk til alle dykk som hjelpte til så vi fekk løyst vassproblemet i barnehagen i fjor, før koronapandemien kom. Påbodet om at alle, born, foreldre og tilsette, måtte ha handvask før dei kom inn porten og før dei gjekk ut att, hadde vore uråd å etterfylgja, om ikkje vassproblemet hadde vore løyst. Vi er så takksame for at vi fekk rikeleg med vatn til kjøkkenet og til sanitærbygget i februar. Difor vart ikkje påbodet som kom i mars eit problem for oss, slik det vart for mange andre. I kampen mot Covid -19 har vi lært at arbeidet vårt kan gjerast på nye måtar; heimekontor, heimeskule, fjernundervisning og mykje meir som har blitt digitalisert. Og slik har det vorte for oss også, vi blei òg meir digitalisert enn vi har vore.

Då vi reiste heim att, «saman med koronaen», i februar i fjor, hadde vi starta prosessen med å søkja om permanent driftsløyve for barnehagen. Ein lang prosess. I byrjinga fekk vi, slik alle nye barnehagar får, berre godkjenning for ein prøveperiode. Først i 2020 kunne vi søkja om permanent driftsløyve. Side opp og side ned med spørsmål måtte svarast på, tilsette sine kvalifikasjonar, bygningane, uteområdet og fasilitetar måtte godkjennast. Dei tilsette må ha helseattest, og dei må ha helsesjekk 2 gonger i året.

For godkjenninga var det eit stort pluss at vi hadde bygt brønn for å samla regnvatn, men kjøkkenet vart ikkje godkjent slik det var. Døra og vindauga måtte flyttast, byta plass. Døra var for nær septiktanken og utedoen. Og kjøkkenet måtte ha ein betre lagringsplass for langtidslagra mat, mais og korn. Det vart verkeleg bruk for å nytta digitalt «heimekontor», for vi kunne jo ikkje reisa tilbake for å hjelpa dei gjennom denne prosessen, slik planen var. Kvart steg dei måtte ta i Mbulu, trong eit digitalt føremøte. Det blei mange møter. Planskisser og teikningar flaug att og fram før Nicodemu kunne gå for å få dei godkjende hos Bwana afia (helsetilsynet). Utruleg kor mykje ein kan få gjort frå eit kjøkkenbord i Norge!

Den 22. januar kom Bwana afia saman med ein sekretær for å sjekka at alle endringane dei hadde bedt om, var utførte. Alt blei godkjent. Når alle tilsette har helseattest frå sjukehuset og vi har fått ein avtale om helsesjekk for dei tilsette på plass, er permanent driftsgodkjenning på plass. Endeleg!

Ting tar tid.

Det er lang kø for å få plass i barnehagen. Foreldra skriv seg på ventelista frå barnet deira er nyfødd. Eit ungt foreldrepar søkte om plass på lista for det ufødde barnet sitt. De må venta til barnet er født og har fått namn, var svaret frå Bertha. Vi søkte om å få opna ein ny klasse med plass til 20 born, men vi blei i staden tilrådd å ha større klassar, slik at det vart 30 born i kvar klasse. Ein fundi
(snikkar) i Mbulu laga fleire stolar, så alle kunne ha noko å sitja på.

Det går fint med fleire born i gruppene, sa Bertha, då vi vitja barnehagen digitalt på opningsdagen 14. januar. Det var stor stas for borna å få møta oss på videomøtet. Alle ropa Bibbi Bibbi, bestemor bestemor, då dei såg Frøydis Nordbustad på skjermen. Lærarane hadde laga song til Frøydis, som dei song i lag med borna.

Med 50% auke i barnetalet veks utgiftene til mat tilsvarande, og Bertha, barnehagestyraren, bad oss om forståing for det. Etter budsjettmøtet den 4. februar fekk vi mat- og lønnsbudsjettet tilsendt, med bøn om godkjenning. Inntekta og utgiftene var ikkje i balanse.

Men frå «heimekontoret» den 9. februar gav vi likevel godkjenninga, digitalt. Men kan vi greia å halda lovnaden?

Dette er eit stort misjonsprosjekt, 60 born som lærer å kjenna Jesus, be til han og synga om han, er 60 små evangelistar i heimane sine. I tillegg lærer dei å lesa, skriva og rekna. Dette er ei stor og viktig oppgåve, seier Bertha. Ho helsar dykk og takkar for forbøn og økonomisk hjelp.


Skrive av: Nora Klungseth