Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Ein spesiell dag

Utgave 1, 2021.


20. mars i fjor vart ein spesiell dag. Eg og den nye leiaren vår, Nicodemu Ammi, sat i stova i hovudhuset og diskuterte korleis vi skulle verna oss mot denne Covid -19 sjukdommen, som spreier koronaviruset.

Døra sto open. Medan vi snakka saman kom ein fugl inn. Han heiter Dimori. Etter at vi fekk lukka døra, flaug fuglen rundt om og leitte etter ein måte å komma seg ut på. Leiaren Nicodemu sa vi skulle opna døra slik at fuglen kunne flyga ut. Eg, Aloice, sa nei, la oss heller fanga den og ta eit bilete som minne. Etter at leiaren høyrde det, var han einig, og vi fór etter fuglen og fanga den. Det vart tatt bilete saman med meg då eg heldt den i handa.

Då biletet var tatt, opna vi døra så fuglen skulle få komma ut, og eg lét den flyga. Fuglen gledde seg over fridomen, og den jubla saman med dei andre fuglane som hadde venta på han. Dei var tre i alt, og dei kom nær til huset. Då dei andre fuglane såg at denne var i live, gledde dei seg. Dei var der i 20 minutt og kvitra av glede av di vennen deira var kommen til rette. Eg lærte at alle skapningar på jorda elskar fridom.

Helsar dykk med Salme 31, 2-3


Skrive av: Aloice Amnaay Omsett av Kjellfrid Eggebø