Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

De kjære som er med i ILCT i Noreg!

Utgave 1, 2018.


Eg helsar dykk i Jesu Kristi namn! Eg takkar Gud for at eg fekk arbeid i ILCT Tanzania, avdelinga i Mbulu.

Takk til leiarane i ILCT, avdeling Mbulu, Tanzania, for å innsette meg i arbeidet frå 2006 til 15.11.2017!

Eg takkar Gud for dette kallet til å arbeida i ILCT. Det har vore ei tid med mange velsigningar i livet mitt , også for familiemedlemmer som eg har kontakt med.

15. november 2017 var det avskjed med leiarane i ILCT og alle medarbeidarane, og det var ei stund med glede og velsigning.

ILCT gav meg ei gåve på ein million shilling. Det var ei stor velsigning. Og medarbeidarane gav meg kitenge (tøystykke) og ein lang stav, til hjelp for å spasera i høg alder. Det var fantastisk å ta imot så mykje velsigning som eg ikkje fortente. Det er nåde frå Gud, levert med hendene til hans heilage!

Eg takkar Gud for alle som har tatt vare på meg med det dei eig, og med forbønn til Gud! Fortset å hugsa på meg i min alderdom.

ILCT held fram med opplæring i å lesa stammespråket for dei som alt kan lesekunsten. Dei som får dette kurset i å lesa og samtidig i å undervisa andre, set veldig stor pris på det, og kurset oppmodar dei til å kjøpa bibelen på iraqw.

ILCT held også fram med det store arbeidet med leseopplæring for analfabetar. Dette arbeidet er enormt stort, og det trengst lærarar til å starta opp og til å undervisa . Og pengar trengst til utstyr og turar med bilen.

Den 15. november 2017 var det 17 elevar som hadde avslutningsfest. Dei fekk vitnemål for oppnådd lese- og skrivedugleik og tok imot vitnemål med veldig glede.

Ei mor blant dei fortalde med stor glede korleis ho nå kunne lesa og skriva. Ho fortalde korleis svært mange i dette området ikkje kunne det, og ho bad ILCT leita etter måtar for å hjelpa desse. For meg var det imponerande å høyra korleis folk får hjelp gjennom skulen vår.

Fortset med å støtta dette arbeidet av hjarta, sidan «arbeidet dykkar ikkje er nyttelaust» 1. Kor. 15:58.

Må Gud velsigna dykk!


Skrive av: Kristina B. Mallange