Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kjære vener og medarbeidarar!

Utgave 1, 2021.


Lenge har eg ynskt å senda dykk ei lita helsing for å takka dykk for eit langt, godt og trufast samarbeid under Guds velsigning. De var og er ei gåve frå Gud. Gud heldt lovnaden eg fekk om gode og kunnige medarbeidarar. Ei gåve eg takkar Gud for, om att og om att. Eit samarbeid eg er utruleg glad i og takksam for.

Og resultatet av samarbeidet er overveldande.

Den planlagde turen til Mbulu i fjor sette Covid -19 ein stoppar for. Men sjølv om eg difor ofte har følt meg på sidelinja midt oppi dette, så går arbeidet framover med stormskritt. Dyktige unge lokale medarbeidarar står i frontlinja, men dei treng oss framleis – meir enn før. Og vi treng alle å fornya vårt forhold til kallsordet: «Gå til verket ...» 1 Krøn. 28, 20.

Heimekontor og digitale møter er jo trenden no, og slik fylgjer vi med dei, gjev rettleiing og oppmuntring. I går, 14. jan., starta barnehagen oppatt etter juleferien, og vi fekk ynskje dei velkomne tilbake til nyoppussa klasserom. Helste først på føremiddagsgruppa, gruppe A, og på ettermiddagen helste vi på gruppe B. Det var stor stas både for lærarane og borna å få møta oss digitalt. Det var nytt og spanande.

Denne veka var eg og Nora med på dei tilsette sitt onsdagsmøte, digitalt, og dei sende Salme 20 som helsing til dykk.

Godt Nytt År og TAKK for godt samarbeid i året som no ligg bak oss. Må Gud vera med dykk i alt, og velsigna det nye året for dykk.


Skrive av: Frøydis Nordbustad