Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Korona-situasjonen

Utgave 5, 2020.


Korona-viruset er eit skremsel som skaper mykje frykt for folk i heile verda. Derfor har alle land laga reglar for korleis ein skal motstå smitte av dette viruset og sjukdommen Covid-19. Då det vart kjent at det var ein korona-smitta pasient her i Tanzania den 17.03.2020, vart det opplyst at alle skular skulle stengjast, barnehagar, barneskular og høgskular. Når det gjeld oss her på kontoret, kokkene og gjester, fylgjer vi råda frå leiarane i helsetenesta. Vi vernar oss ved å ha ei bøtte med vatn og såpe ved inngangsdørene. Leiarane har òg bestemt å setja bøtte med vatn og såpe ved inngangsporten, slik at folk kan vaska hendene innimellom. I tillegg skal vi bruka munnbind som dekkjer munn og nase.

Vi i ILCT sluttar oss til dei kristne leiarane om å be at Gud vil ta bort korona-sjukdommen.

2 Krøn 7,14

Gud velsigne verda!
Gud velsigne Afrika!
Gud velsigne Tanzania!
Amen!


Skrive av: Aloice Amnaay, omsett av Kjellfrid Eggebø