Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing frå ILCT Mbulu

Utgave 5, 2020.


Først av alt helsar eg dykk i Jesu Kristi namn!

Vi leiarane og alle tilsette i ILCT Mbulu takkar Gud for at vi får vera friske og for at arbeidet her i Tanzania går bra. Vi, iraqw-folk og folk elles i Mbulu, takkar Frøydis og Nora og alle i ILCT Norge for hjelp og støtte til arbeidet her. Dei seier: «Må Gud i enda sterkare grad verna dykk og gi dykk stor nåde!»

Vi fortset med å undervisa iraqw-folket som ikkje kan lesa og skriva (Basic) og opnar nye klassar. I tillegg til Basic fortset vi med å undervisa barnehageborn frå 3-6 år, og vi tek imot nye born.

ILCT Mbulu held også tredagars seminar A (Traditional) for dei som allereie kan lesa swahili, slik at dei kan få læra å lesa og skriva sitt eige språk, iraqw. Og vi takkar for dei mange gode resultata vi får. Etter at korona-nedstenginga var over, fortsette vi med Basic-leseklassane og barnehagen frå juli 2020. I september og oktober heldt vi eksamenar i Basic-avslutningsklassane og hadde festar
med utdeling av vitnemål for alle som var ferdige, i alt 84 elevar. 11 nye Basic-leseklassar har sidan starta opp.

Gleda for oss leiarane er at vi synest arbeidet er så kjekt og at det var så mykje positivt i klassane som hadde avslutning. Det er mange elevar som nå har lært å lesa, skriva og rekna. Når det gjeld barnehagen, får skulen vår mykje skryt. Grunnen er at alle som var ferdige hos oss, kunne lesa og skriva bra då dei starta i første klasse på barneskulen. Vi som arbeider i ILCT saman med andre Mbulu-folk sender stor takk til lærar Frøydis og Nora, og til alle som ber for oss og støttar ILCT Mbulu!

Hjarteleg takk!


Skrive av: Nicodemu Ammi, omsett av Kjellfrid Eggebø