Eg helsar dykk kjære i Jesu Kristi namn! Det er eit stort ønske at det er bra med dykk og alle venner som hjelper til i dette prosjektet på ulike vis. Vi takkar for at de ber for arbeidet kvar dag! Det merkar vi når vi opplever Guds kraft dagleg i forskjellig kontorarbeid og i den store verksemda i landsbyane.
September var månaden for avsluttande eksamen i Basic-(lese)klassane på fire stader. Gud verna oss på alle desse turane til og frå. Før alle reisene bad vi Gud gå føre oss og la oss komme trygt tilbake, og han høyrde bønene våre.
I Utwari var det 29 elevar på avslutninga. Ein av dei som elles deltok var presten Danieli Faraa/ay som underviser på døveskulen i Dongobesh. Han gledde seg over å vera i lag med elevane våre denne dagen med utdeling av vitnemål. Han ga dei versa frå Salomos Ordtøke 4:13.
Ein annan gjest var skulesjefen i Madunga, og han takka svært for innsatsen til ILCT. Han gledde seg over å høyra at vi arbeider fleire stader i området og at ein del av elevane er mellom 14 og 20 år, unge som ikkje har fått grunnskule- utdanning. Han ga dei råd om at dei kunne fortsetja utdanninga i skulesystemet. Dei eldre kunne fortsetja med kurs som gjalt matlaging og heimkunnskap, og korleis ein kan ta seg av miljøet og støtta samfunnet nå som dei kan lesa, skriva og rekna. Han sende mange takk til leiarane som har starta dette prosjektet for å hjelpa dei som ikkje har fått utdanning. Han var òg begeistra over å høyra at undervisninga ville fortsetja i hans område, så sant det er elevar som vil delta. Også leiarane i kyrkja vart takka for at dei tok imot denne oppgåva og
samarbeidde med ILCT.
Ein elev hadde lyst til å fortelja kva som ga han glede heile den tida han gjekk på skulen: Han heitte Ayubu Zakayo, var 21 år og var født i Labay, tilhøyrande Haydom sokn. Då han høyrde at det var undervisning for vaksne, reiste han til Naár og budde saman med hovudlærar Martini Yona. Han fortalde om ein gong han reiste til Singida, til slekta si. Undervegs kom han til ein stad med eit skilt der det stod: «Det er ikkje lov å gå vidare her for nokon som helst.» Men den gongen gjekk han berre vidare på denne vegen, for då kunne han ikkje lesa det som stod på skiltet. Han kom til eit søkk der han ikkje kunne komma vidare. Så skiltet var sett opp for at folk ikkje skulle gå på den øydelagde vegen. På avslutningsdagen gledde han seg over at han nå kunne lesa, og han takka for opplegget med leseopplæring for analfabetar. Nå kunne han lesa og han gledde seg storleg!
Det var mange elevar som hadde gått på desse fire stadene. I Utwari var det 29, i Naár 14, i Mongahay 28 og i Daambiya 13. I alt var det 84. Dei gledde seg svært saman med leiarane som vi møtte, både på eksamensdagane og på festdagane med vitnemålutdeling.
På dei forskjellige plassane får vi kontakt med ulike menneske. Dei fleste stader tek dei imot utfordringa med skule svært positivt og oppmøtet er bra, andre stader møter du problem. Leiarane kan vera trege, og når vi prøver å oppmuntra elevane er det vanskeleg å nå fram. Men vi legg også det fram for Gud, han som opnar veg der det ikkje er nokon veg. Det set vi vår lit til.
Elevane i Mungahay sang ein veldig fin song som seier at du/Awakí (Frøydis) har tenkt på oss. Tusen takk!
Må Gud velsigna deg og familien din fordi du har hugsa på oss. Vi har fått ta imot Guds nåde gjennom Guds kall til Frøydis og Nora om å gi opplæring i iraqw og swahili. Vi har lært på kort tid og forstått raskt. Takk også til lærarane for den kjærleik og omsorg dei viser når dei underviser folk.
Presten i Qaloda helsa elevane med Paulus’ brev til Kolossarane 3,16-17. Han ga dei også Josva 1,8 og dette verset var òg ei helsing til ILCT frå kyrkja. Han sa at det arbeidet de gjer er svært godt i Guds augo, fordi det tek folk ut av mørket og inn i lyset som aldri i æva skal sløkkjast. Må Gud velsigna dykk enda meir og gi dykk kraft heile tida!
Tusen takk!