Alle er vi opptekne med å rydda, vaska, pynta og baka. Alt skal vera klart for jula. Ordet advent er
latinsk og tyder ankomst. Adventstida er som å stå i ankomsthallen, forventningsfull og spent på gjesten. Alt er gjort klart, no berre ventar ein på at flyet skal landa. Spent stirer vi mot døra som snart opnar seg, forventningsfulle.
Adventstaken har talt vekene fram til ankomsten, huset er fjelga og pynta med stjerner og pynt av
alle slag, men er du ferdig sjølv om alle kakesortane er i boks?
Har vi gløymt å rydda veg i oss sjølve, for HAN som kjem? Han ynskjer å få flytta inn, ikkje berre i
jula, som julegjest, men på livstid.
God og velsigna jul med Jesus i sentrum!