Eg kjøper frimerke og sender ut papirblada. Ved årsmøtet vart det nemnt at me har ca. 100 personar som sender pengegåver. Eg sender ut ca. 250 blad i posten. Dei som får epost-blad er ca. 150.
Eg tenkjer at om du er mottakar av blad gjennom posten, og ikkje har høve til å støtta dette lenger, vil eg at du sender meg melding om det, og eg slettar di adresse. Det er ei ærleg sak. Eg skriv her adresse, tlf. og e-postadr. som de kan nytta. Takk for du har støtta arbeidet på din måte i lang tid!
Valfrid H. Kjølvik, Askevn. 5, 4360 VARHAUG.
Tlf. 901 45 617
E-post: vahokjolvik@lyse.net
Gjennom helga var Solveig Norheim med og tala Guds ord og leia møter. Gildt å lytta til henne og til Karen M. Hovland. Me kjende oss velsigna då me reiste heim!
Neste år vert det truleg ILCT-helg i Sætervika i Tysse att!