Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Referat frå ILCT – bibelhelga i Sætervika 26. – 28. juni.

Utgave 4, 2020.


Det var gildt å koma til Sætervika. Me var 20 påmelde, og fleire kom på dagsbesøk til møta. Kjellfrid Eggebø var hovudleiar. Dette kan ho! På leirplassen fekk me fine rom og god mat! Frøydis og Nora var der frå start til slutt. Begge deltok med forkynning av Ordet og gav mykje informasjon frå arbeidet ute. Nora er flink med fotoapparatet, så ho hadde både bilete og video-opptak frå kvardag og feststunder i Tanzania.

Frå den delen som var årsmøte fekk me rapport om den økonomiske sida av arbeidet. Det vart retta ei ekstra takk for hjelpa dei fekk til å støypa vasstank for regnvatn. Dette gir tryggleik i tider når vasstilførsel frå byen sviktar, og når regnet uteblir. Salg og utdeling av biblar har gått godt, det er stor glede for kvar som får ein bibel til eige. Katekismebøkene er i bruk rundt om i heimane og i kyrkjelydane. Den gamle bilen som er i bruk, er veldig nedsliten nå, så dei vonar å få kjøpt ein bruktbil der ute, - til ein ikkje for høg pris. Transport er viktig i dette arbeidet. Barnehagen er ei stor gåve for dei som får gå der, og den er ei «mønsterutgåve» som lærarar og leiarar i den offentlege skulen i kommunen ser, og gjerne kan ta kopi av!

Vaksenopplæringa og dei kursa ILCT held rundt i landsbyane, ofte med kyrkja som klasserom, er òg høgt skatta og lagt merke til, - like opp til undervisningsdepartementet i Dar es Salaam. Me takkar Frøydis for misjonstimen ho hadde laurdagen. Ho tok oss med til tida då kallet til dette spesielle oppdraget kom. Var ho villig til å ta den ekstra børa med å læra seg språket? Eit språk der det ikkje var noka lærebok, inga grammatikkbok, - og korleis skulle ein skriva orda, - dei spesielle lydane?! Kallet var klart, men det kravde mykje! Ho var villig og lydig!

Men kva når kreftene var oppbrukte, og helsa svikta? Då seier ho: "Men Herren svikta ikkje!" Ho siterer: "Gå til verket", som det står i ordet som vart hennar "ordre", - og du skal få gode medarbeidarar! Me les frå 1.Krønikebok 28, 20 : "Så sa David til Salomo, son sin: Ver frimodig og sterk, og gå til verket! Ottast ikkje, og ver ikkje redd! For Gud Herren, min Gud, er med deg. Han vil ikkje sleppa deg og ikkje forlata deg, før alt arbeidet for tenesta i Herrens hus er fullført." Og i vers 21: "Sjå, her er skifta for prestane og levittane, som skal stå for all teneste i Guds hus. Og til alt arbeidet har du folk hjå deg som alle er villige og kunnige til alle slag arbeid. Og hovdingane og heile folket er budde til å gjera alt det du seier.»

I tillegg til dette peikar ho på verset frå profeten Habakuk, der profeten ventar på bod frå Herren, og vert beden om å skriva opp ein bodskap frå han. Slik står det i kap. 2, 2: "Og Herren svara meg og sa: Skriv synet opp, og skriv det tydeleg på tavlene, så det er lett å lesa det!"

Ja, dette vitna Frøydis om, - det var Guds kall og Guds vilje, sa ho, og la sterk vekt på løftet om at Han, Gud, ikkje ville sleppa henne, og ikkje forlata henne før ALT VAR FULLFØRT. Dei som nå er sette til å halda fram med undervisninga, kjenner ofte på at dei ikkje strekk til. Me er takksame for dei, og eg vonar at mange av dykk som les dette også held fram med å be for dei. Det er stort, ja, det er eit under, når Ordet opnar seg for mann og kvinne, og dei får del i evangeliet!

Takk til dykk som ber og gjev pengar til dette!


Skrive av: Valfrid H Kjølvik