Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Brev frå Agnes

Utgave 4, 2020.


Eg takkar Gud som gjorde det mogleg for meg å føda enda eit barn, ei lita jente som kom den 22. april. Nå er ho fire månader. Familiane våre rettar stor takk til Gud for dette. Og hjarteleg takk til dykk for at de ber for oss!

Det har stort sett gått fint med arbeidet denne tida, både på kontoret og ute i landsbyane, i leseklassane og barnehagen. Me har sju klassar nå, - fire av dei skal snart ha avslutning og tre klassar fortset. Me jobbar med å starta nye klassar, mest i Ufana, der mange ventar på at ILCT skal komma og setja i gang arbeid. Eg har hatt kontakt med presten for dei Lutherske kyrkjelydane der og med presten i TAG for Dongobesh-området.

Det var ei stor glede for oss i ILCT å få høyra fylgjande: I Mungahay har dei klassar for tredje gong! Å ha klassar i deira område viste seg å vera 3 dagar gml., med mor på lærardagen! Svært viktig for samfunnet. Dei elevane som er 14 og 15 år har nå komme til tredje boka i leseopplæringa, og dei har satsa på å bli flinke til å lesa. Nå vil foreldra senda dei til vanleg barneskule dersom det blir mogleg i Mungahay.

Slike opplysningar gir nytt mot til oss leiarar og til hovudlærarane i klassane. Dette fekk eg vita gjennom hovudlærar for desse klassane i Mongahay, Marseli Daffi.

Anna godt nytt kjem frå Marselina Tseere. Ho underviser i den Lutherske kyrkja i Holaqa, som høyrer til Gidhim prosti. Ho har snakka med ein elev, ei mor som fortalde at før ILCT starta opp med undervisning, hadde ho bestemt seg for å byrja i ein klasse mot betaling hos ein privatlærar, Tango, i Dongobesh. Men då ho fekk vita at ILCT opna skule, la ho vekk planen om å fara til Dongobesh. Ho er flink til å møta opp, og ho oppmuntrar dei andre til å stå på. Marselina har blitt oppglødd av å møta denne eleven som er så interessert i å læra.

Hjarteleg takk! Må Gud endå meir opna dører til dei områda me ikkje har nådd!


Skrive av: A Agnes Philipo, Mbulu. Omsett av Kjellfrid Eggebø