Brev frå Nicodemu:
ILCT Mbulu i Tanzania takkar Gud mykje for at han har høyrt bønene våre, verna oss mot og lækt oss for Korona-sjukdommen som har plaga heile verda.
Dessutan sender ILCT Mbulu stor takk til ILCT Norge for at de held fram med å be og hjelpa oss på forskjellige måtar, spesielt med pengar og mykje anna.
Takka vere all denne støtta har mange menneske i Mbulu fått oppleva den gleda det er å kunna lesa og skriva sitt eige språk iraqw, og ikkje minst få lesa Bibelen på morsmålet sitt. Me seier hjarteleg takk! Spesielt vil me halda fram Frøydis og Nora for at dei har administrert organisasjonen vår, ILCT, svært godt. Må Gud fortsetja å gi dykk krefter, for arbeidet dykkar er ikkje forgjeves for Han.
Elles takkar me Gud storleg fordi alle skular opna opp att 24. juni, saman med tenester som har vore nede grunna koronapandemien. Til nå har sjukdommen minka av svært mykje i Tanzania, og hittil har det ikkje vore koronasjuke i Mbulu. Så etter at staten bestemte å opna alle skulane, har også ILCT opna sine verksemder saman med Basic-klassane og barnehagen, og alle lærarane i Basic- leseopplæringa er tilbake i klassane. Lærarane i barnehagen fortset med arbeidet sitt og undervisninga, og alle elevane er tilbake.
Hjarteleg takk!
Salme 20,7, Jeremia 3,3, 2. Krøn. 7,14 og Jesaja 41,10-13.