Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Sommarsamling i Sætervika

Utgave 4, 2020.


26. til 28. juni var me samla til årsmøte for ILCT på Sætervika Ungdomssenter nær Tysse. Det er ein fin stad, med fine rom, gode stolar, heis, god mat og positive tenarar som måtte ta korona omsyn. Sjøen rett nedanfor bygningane gav god avkjøling for dei som nytta høvet.

Solveig Norheim hadde bibeltime og søndagstalen, Nora hadde andakt og mykje god informasjon. Dei formidla god sjelesorg og oppbygging, så det var godt å vera der. Solveig Norheim og Holger Kjølvik gledde oss med song, og Holger var trufast med trekkspelet. Hjarteleg takk til alle saman som deltok på forskjellig vis! Me hadde ingen ulykker, og det var kjekt å treffast, kjente og ukjente. Det var fint at slekt til Frøydis og til Nora var innom. Me har bestilt plass til neste år på Sætervika, siste helga i juni, så set den av og kom!

Takk til alle som hugsa oss i bønn! «Det var en som var villig å dø i mitt sted» (Sangboka 246) vart gjennomgangssang.


Skrive av: Kjellfrid Eggebø