Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Vi har òg en ledestjerne

Utgave 1, 2018.


Til lukke med eit nytt år, endå ein gong!

Å starta på eit nytt år er som å gje seg ut på ei lang og ukjend reise. Tenk at vismennene frå Austerland våga å ta ut på ei så lang reise utan kart og kompass. Dei stolte på at stjerna ville hjelpa dei å finna rett veg, og det gjorde den. Stjerna forlèt dei ikkje. Sjølv om dei, då dei nesten hadde nådd målet, stolte meir på sin eigen logiske tankegang. Det førte til eit stopp på feil stad, som var eit fatalt feilsteg. Men stjerna stod og venta på at dei skulle skjøna feilsteget, så ho kunne leia dei fram til målet.

Kva er målet ditt for 2018 og vegen vidare? Det er viktig for oss alle å setja seg mål både for tid og æva. Men for å nå målet trengst det ein god guide. Takk og lov for at «Vi har òg en ledestjerne», nemleg Guds ord!

ILCT har eit oppdrag og eit mål. Oppdraget er å rydda veg: «Ta bort kvar snublestein frå vegen til folket mitt!» Jf. Jes. 57.14. Målet er ein bein veg, som er lett framkomeleg. Ein god veg som Gud kan bruka for å nå fram til iraqwfolket, på hjartespråket, som er morsmålet. «Gjer Herrens veg bein.» Jf. Joh. 1, 23.

I 2006 starta ILCT opp eit leseprosjekt i eit avsidesliggande område nær regnskogen, Mamaisara. «Det bortgløymde folket» kalla dei seg, folket der langt oppi fjellet. Dei mangla det meste; straum, veg, skular etc., og i mange landsbyar var det ingen eller svært få som kunne lesa og skriva.

Då vi avslutta leseprosjektet i Mamaisara i desember 2017, hadde vi hatt leseklassar i alle landsbyane der, og 2791 analfabetar har no lært å lesa og skriva både swahili og iraqw (morsmålet) og hatt litt matematikk. Dei har òg lært å dyrka, bruka og selja grønsaker. I kjølvatnet av leseklassane held infrastrukturen på å koma på plass. ILCT bidreg til berekraftig utvikling i landsbyane.

Siste klassen i Mamaisara var klassen i landsbyen Qwaam. Der hadde dei eksamen og avslutningsfest i desember med mange gjester og talarar. I talen sin sa landsbysjefen: «Det er stort for oss når landsbyen vår har fått 15 innbyggarar som kan lesa og skriva.» Han fortalde at han sjølv ikkje kunne lesa og skriva. No er vegen bein for alle desse. Dei har fått sin bibel og kan lesa den. Og no kan dei seia: «Vi har òg en ledestjerne», nemleg Guds ord!

I januar 2017 flytta vi 6 lærarteam til eit nytt område. Dei første klassane der hadde også avslutningsfestar i desember. Mange nye elevar ventar på å få plass i dei nye leseklassane. I fjor inngjekk vi ein ny samarbeidsavtale med den lutherske kyrkja. Dei har kyrkjer i 440 landsbyar, og ILCT får lov til å bruka kyrkjene som klasserom, gratis. Dette vil gjera det mogeleg for ILCT å nå mange fleire. Mange utfordringar og vanskelege vegval ligg framføre oss i år.

Må den STORE stjerna - Ordet - vera vegvisaren vår også i 2018.

Godt Nytt År!


Skrive av: Nora Klungseth