Båten ber
Me sigler på eit hav
Og båten heiter Under
I ruskever og kav
Går ikkje båten under.
Me ser at båten bar
Og trur at han skal bera,
Gud gav så mange svar, -
Det vil han framleis gjera!
5. Mosebok 31,8:
Han skal vera med deg.
Han sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.
Ver ikkje redd og mist ikkje motet!