Til lærar Frøydis, Nora og alle støttespelarar til ILCT si teneste i Mbulu, Tanzania! Herren Jesus vere lova! Vi her i Mbulu har det bra, og vårt arbeid innanfor ILCT held fram på ein god måte. Vi takkar Gud for at det ikkje er korona-pasientar her i Mbulu.
Den 17. mars erklærte staten at alle skular skulle stengjast på grunn av pandemien, og vi følgde staten sine avgjerder og stengde barnehagen og leseopplæringsklassane, Basic. Lærarane kunne undervisa heime i familiane sine eller for naboar, og dette gjorde dei, på det vilkåret at ingen fekk samla meir enn 5 elevar om gongen. Alle lærarane var glade for dette og retta seg etter reglane. Somme underviste to grupper om dagen, ei om morgonen og ei anna seinare.
Fredag 24. april, på lærardagen, møttest alle lærarane frå Mama-Isara - og Dongobesh-området. Tidleg same morgon (klokka fem) ringde lærarar frå Utwari for å seia at dei alt var på veg. Det vart 21 i alt, og alle kom med rapportar som viste kva dei hadde gjort. Lærarane gledde seg veldig over denne planen om å få undervisa heime i staden for å ikkje gjera noko. Alle lova at i dei i mai skulle undervisa to grupper. Dei sa at rundt der dei budde var det mange som ikkje kunne lesa, også i familiane deira. Alle var glade og ivrige etter å fortsetja.
Det er også stor glede i ILCT for tida sidan Agnes fekk ei jente natta 22. april. Den 24. april møtte også ho opp her på lærardagen! Dessutan takkar vi Gud for at korona-sjukdommen i landet har minka, og mange har blitt friske og har fått reisa heim. Til denne tid er det berre 10 personar som har døydd av korona i heile Tanzania.
På lærardagen bad alle lærarane for problema knytt til korona-pandemien. Lærarane takkar og sender mange helsingar til Nora og Frøydis. Dei helsar med Jeremias 30,1-3.
Hjarteleg takk! Gud velsigne Tanzania! Gud velsigne Norge! Gud velsigne heile jorda!
Fil. 4,4: «Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!»