Eg skulle ynskje du kunne koma og sjå kva du er med å gjera mogeleg. Sjå korleis livet og heimane til kvar einskilt elev og bygda deira vert forandra. I dei landsbyane der ILCT har hatt leseklassar skjer det noko nytt. Når ein landsby får mange innbyggjarar som kan lesa, skriva og rekna, skjer det noko med infrastrukturen. Saman er vi sterke og kan gjera store ting i lag, når vi går i takt med oppdragsgjevaren. Når vi kjem til Han med det vesle vi kan bidra med,
veks det.
I fjor, 2019, fullførte 11 leseklassar for analfabetar, som starta i 2018. Alle klassane hadde stor avsluttingsfest med mange gjester. 195 elevar fekk vitnemål og kunne dokumentera at dei var lesekunnige innbyggjarar.
Mange av desse elevane har fått seg jobb fordi dei kunne både lesa, skriva og rekna. Etter kvart som klassane fullførte, vart det opna nye klassar i andre landsbyar. I alt 12 nye klassar for analfabetar vart opna i 2019, med til saman 209 elevar. Vi hadde lærarteam i 18 landsbyar i 2019. Filmen om Jesu liv er vist i 6 landsbyar, og 1625 såg filmen. Under filmkvelden vert dei frammøtte inviterte til å delta på eit A-seminar.
I fjor hadde Nicodemu 6 A-seminar for dei som ynskte å lesa Bibelen på morsmålet, iraqw, med 89 deltakarar. No er det mange av dei som kan lesa swahili som ynskjer å lesa iraqw. Nicodemu og Agnes delte ut 284 iraqw-biblar til nye lesarar i 2019. Alle elevane får bøkene dei sjølve har brukt på kurset, i tillegg til ein iraqw-bibel og iraqw-katekisma. I dei landsbyane der ILCT har hatt leseklassar skjer det noko. Ordet arbeider. Ein tenåring sa: «Å, kor eg gler meg til å lesa for dei heime, og så vil eg gå til bestefar sitt hus og lesa for dei òg!» Saman med Bibelen får dei også eit ark med 20 tilvisingar til bibeltekstar, som Frøydis har omsett til iraqw. Medan dei ventar på eksamensresultatet og avsluttingsfesten, får dei fire dagar der dei lærer Bibelen å kjenna. Dei leitar opp tekstar frå arket, og lærer å finna fram i Guds Ord. Desse ekstra dagane set dei stor pris på.
Her er nokre av bibeltekstane frå arket dei får. Gode å repetere for oss også dette, i desse korona-tider.
1 Kvifor skulle eg seia eg kan ikkje, når Bibelen seier eg kan gjera alle ting gjennom Kristus som gjer meg sterk (Fil 4:13)?
2 Kvifor skulle eg mangla noko, når eg veit at Gud skal gje meg alt eg treng, rik som han er på herlegdom i Kristus Jesus (Fil 4:19)?
3 Kvifor skulle eg vera redd, når Bibelen seier at Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom (2 Tim 1:7)?
4 Kvifor skulle eg mangla tru til å fullføra kallet mitt, når eg veit at Gud har tildelt meg mitt mål av tru (Rom 12:3)?
5 Kvifor skulle eg vera veik, når Bibelen seier at Herren er styrken i mitt liv, og at eg viser styrke i handling fordi eg kjenner Gud (Sal 27:1; Dan 11:32)?
6 Kvifor skulle eg tillata Satan å herska over livet mitt, når han som er i meg er større enn han som er i verda (1 Joh.4:4)?
Lærarane våre er vekependlarar og bur langt vekke frå familien, under vanskelege tilhøve. Må Gud gje dei helse, mot og uthald og velsigna både dei sjølve og familiane deira. No er klassane våre stengde på grunn av korona-pandemien. Lærarane har heimeundervisning for familiemedlemer og naboar som ikkje kan lesa, - i grupper på maksimum 5 deltakarar. Lærarane fortel at familiemedlemene får undervisning inne. Naboane får undervisning ute.
Under eit tre sit dei med ein meters avstand mellom seg, for å førebyggja smittespreiing. På ein av dei siste turane i mars, då Agnes opna ein ny leseklasse, fekk bilen, 3900 Mercedes Benz, problem med clutchen. Det var med naud og neppe dei kom seg heim att. Og no står den berre der og er ubrukeleg. Kor mange tusen km den har gått er det ingen som veit, for speedometeret har ikkje fungert på fleire år. Det er berre eit under at den har gått så lenge, og at det ikkje har hendt ei alvorleg ulukke.
Då ILCT kjøpte bilen i 2007 var den 24 år. I 13 år har den køyrt omkring i fjellheimen rundt Mbulu og gjort det mogeleg for oss å nå ut til dei mange avsidesliggande bygdene. Men no vil den ikkje meir. For ei tid tilbake byrja vi samla inn pengar til ny bil. Vi fekk inn kr. 200 000, men det var ikkje nok til å kjøpa ein terreng-gåande bil for.
No vonar vi at de vil vera med på ein stor dugnad, slik at vi kan få kjøpt ein god bruktbil, til dømes frå Japan. Men ein ny Mercedes Benz frå Norge ville ha vore endå betre.
Stor takk til dykk som hjelpte oss med å byggja brønnar. Det løyste vassproblemet både i barnehagen og på Senteret. Saman har vi teke mange tunge løft i arbeidet for iraqw-bibelen. Kan vi greia ein dugnad til?
Saman er vi sterke!