Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

På fast grunn

Utgave 3, 2020.


Når huset står i sentrum av naturkreftenes inferno, får ein testa kva grunn det står på. Og då får ein sjå kvaliteten på arbeidet til byggmeisteren. Mange har opplevd å få sjå dette, meir realistisk enn godt var, jf. Matt. 7, 25-27.

Land etter land har i vår opplevd å stå og står i sentrum av korona pandemiens inferno, også vårt vesle land har det. «Dette er heilt surrealistisk», sa fastlegen min til meg 13. mars. No har vi fått sett kva grunn landet og folket vårt er tufta på. Kvaliteten har kome til syne.

Til tider er det sterke stormar i liva våre også, i oss og rundt oss. Når vi står i sentrum av åndskreftenes inferno, er det godt å vera tufta på fast grunn. Ein grunn som står seg i alle slags stormar.

Eit tilbakeblikk syner at arbeidet med iraqw-bibelen til alle tider har vore å stå i sentrum av åndsmaktenes inferno. Ein må stå på fast grunn for å greia halda ut i den ofsen. Det har ofte vore, og er, eit tøft og einsamt arbeid i nærkamp med avgrunnens fyrste.

Eit byggverk treng solid reisverk, søyler, for å tola påkjenningane. Ei søyle gjer ikkje anna enn å stå stille, men den ber tyngda av byggverket.

I dette arbeidet trengst det mange slike søyler. Må vi få nåde til å vera mellom dei som Gud får gjera til ei søyle, ei berande kraft i sitt arbeid, jf. Op. 3,10-12.


Skrive av: Nora Klungseth