Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Nådens snøfall

Utgave 2, 2020.


Som snøen dekkjer kvar ein kvist
slik dekkjer du meg sant og visst,
i di tilgjeving, heil og full
står eg for Gud så rein som gull.

Så let du sola stråle fram
og gyller alt som før var skam,
kvart feilsteg og kvar roten kvist
er gøymd i deg, min Herre Krist.

I dette nådens snøfall står
eg still og berre får og får.
Om vindkast kjem og drysser av
det tømest ei, ditt nådens hav.


Skrive av: Gunnvor Grødem