Leseopplæringa kalla Basic, har frå 2017 til i dag nådd ut til fleire kyrkjelydar i Dongobesh. Prostiet omfattar fylgjande 5 sokn: Hari/abi, Tumati, Qaloda, Bashnet og Gidhim, som alle har eiga hovudkyrkje og prest. Kvar av desse igjen er knytt til om lag 15 utstasjonar med kyrkjelydar leia av evangelist. Det er Guds nåde som gjer at me har komme så langt. På leit etter nye klassar og undervisningsrom er me avhengige av godt samarbeid med lokale leiarar, slik som kyrkjeleiaren og landsbysjefen. Desse blir også inviterte når me har avslutningar med vitnemål-utdeling.
Å arbeida saman gir glede og oppmuntring både for elevane og oss. Når me besøkjer klassane og dei ser at ILCT-kontoret kjem til dei, gler dei seg over å få læra å lesa, skriva og rekna. Då eg deltok på avslutninga av A-seminaret i Halaqa for å dela ut biblar til 27 elevar, var ein av dei ein pensjonert evangelist, Natanael Gitatoga frå Guye. Han begynte i tenesta i 1964. Framleis hadde han krefter til å gå, og Gud hadde verkeleg velsigna han med god helse! Han gledde seg over å høyra at ILCT underviste folk som ikkje kunne lesa, skriva eller rekna. Han helsa med 1. Tim. 2,3 6. Evangelisten på staden helsa med 1. Kor. 4,12.
Hjelpepresten var der i staden for presten, og han minte om at arbeidet ikkje er fåfengd framfor Gud. Himmel og jord skal forgå, men Guds Ord varer ved. Han kom med mange helsingar frå kyrkjelydskontoret og gav oss 2. Tim. 1,3-4. Eg har starta to nye klassar i Gidihim, i landsbyen Halaqa. Det har vore eit stort framsteg å komma til fjellet Halaqa, der det er svært mange som ikkje kan lesa. Den dagen me starta desse klassane møtte eg kasseraren, som kom i staden for presten, eldste og evangelisten. Det var i alt 21 som skreiv seg inn i leseklassane.
I kyrkjelyden Bashanet, utstasjonen Østre Endala i retning Meer, har eg opna ein klasse med 28 elevar. Det er nesten så ein kunne dela dei i to klassar. Første dagen var evangelisten redd for å starta klasse, sidan mange var ungdommar som skjemdest over å ikkje kunna lesa. Eg sa at det ofte var vanskeleg i starten, men litt om senn vil dei oppdaga kor viktig det er å kunna lesa, og då vil dei fortsetja med iver og godt oppmøte. Evangelisten undra seg over å sjå iveren til desse unge. Han helsa oss med Ordspråka 4,13 og Nahum 1,7.