Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing frå Nicodemu Ammi

Utgave 2, 2020.


ILCT i Mbulu uttrykkjer stor takk for alt som har lukkast i 2019!

Dei takkar leiarane Nora og Frøydis for å styra organisasjonen svært bra, og rettar også ein spesiell takk til ILCT i Norge som står saman med dei ved å hjelpa på ulike vis; med pengar og andre ting! I 2019 har Gud hjelpt oss ut av problemet med mangel på vatn: Vi har fått bygd to store tankar for å ta vare på regnvatn, ein ved Ujenzi-senteret og ein i barnehagen. Dessutan har vi fått fortsetja med tredagars lesekurs (Transitional) på forskjellige stader i Dongobesh prosti og her på Ujenzi, Mbulu. Lesekursa går saman med visning av Jesus- filmen og undervisning for dei som ikkje kan lesa og skriva (Basic).

Frå mange område der vi har halde tredagars lesekurs og der vi har hatt skule for analfabetar, viser dei glede og takksemd for undervisninga. Dei sender stor takk til ILCT sitt kontor i Mbulu og til Frøydis for gode læreplanar. Dei seier: «Må Gud bevara og velsigna henne rikeleg fordi vi har lært å lesa og skriva vårt eige språk, morsmålet iraqw, og for at vi har fått Bibelen på iraqw!» Nå les dei Guds Ord på iraqw og dei ber om at arbeidet må fortsetja.

Til slutt sender alle leiarane saman med lærarane i leseklassane og i barnehagen og alle arbeidarane her, mange helsingar til alle i Norge som hjelper ILCT i Mbulu!


Skrive av: Nicodemu Ammi. Omsett av Kjellfrid