Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Legg merke til Guds under!

Utgave 2, 2020.


Den 17. januar, då vi vitja radiostasjonen Radio Habari Njema for å planlegga samarbeidet med dei, møtte vi søster Johanna. Ho hadde lese iraqwbibelen frå perm til perm fem gonger. Då ho høyrde at bibelomsetjaren Frøydis Nordbustad skulle komma, kom ho oss springande i møte og takka Frøydis for at ho hadde omsett iraqwbibelen.

Ho hadde problem med å uttala Frøydis sitt namn, så vi sa ho kunne helsa Frøydis med iraqwnamnet hennar, /Awaakí. «Er det verkeleg sant at det er /Awaakí som vitjar oss i dag? Pris Gud, Halleluja! HAN har gjort store under for oss», ropte ho.

Job måtte få oppmodinga: «Stans og erkjenn Guds under!» Job 37, 14. Søster Johanne tok seg tid til å lesa iraqwbibelen om att og om att, og måtte erkjenna at Gud nådde hjarta hennar gjennom iraqwbibelen.

Same dagen var vi invitert til eit kort møte med den katolske biskopen, fordi alle dei nye søstrene hadde bede han om eit A-seminar, så dei kunne læra å lesa iraqwbibelen. «Når eg høyrer kva søster Johanne seier, skjønar eg at både søstrene og kateketane våre må få læra å lesa bibelen på morsmålet», sa han. Vi planla A-seminar for 25-30 søstrer og 75 kateketar i mars –april 2020. Korona-viruset har nådd Tanzania. Dit kom det, flybore frå Sverige og Tyskland, til Arusha 15. mars.

Då dette vart offentleg kjent 16. mars, hadde vi fleire telefonkonferansar med styreleiaren, Elias Goroi. Det er stor trafikk mellom Arusha og Mbulu, og faren for smittespreiing er stor. Det er betre å vera føre var enn etter snar. Difor laga vi ein handlingsplan for ILCT under pandemien. På telefonmøte med leiarane i Mbulu den 17. mars vart det bestemt at barnehagen og 12 klassar skulle stengast frå og med den 18. mars. Alle planlagde A- seminar og filmkveldar vert også utsett inntil dette er over.

Korona-pandemien («farsott som praktisk talt rammer alt og alle»), har fått land etter land til å stoppe opp, - den skaper frykt og fortviling.

Korleis Gud vernar sine er skildra i Salme 91, og lovnadane i den står framleis ved lag for oss alle. Salme 91 er ikkje utgått på dato. «Om tusen fell ved di side, ti tusen ved di høgre hand, blir du ikkje råka.» Sal 91,7

Vi fekk ei gladmelding frå Mbulu i går: Takrennene og røyrsystemet til vasstanken i barnehagen er ferdig! Kjem det nok regn før tørketida byrjar i mai, då er vassproblemet i barnehagen også løyst.

Stor takk til alle dykk som har hjelpt oss med dette. Utan dykkar hjelp hadde vi ikkje hatt økonomi til å gjennomføre dette livsviktige prosjektet.

Den 28.12.92 skreiv Gunvor Grødem i nyttårshelsinga si: «Oppgåvene er store når me ser framover Men det er godt at me kan retta blikket mot Han som «kan gjera meir enn alt. »

Søster Johanne sa: «HAN har gjort store under for oss.» Ja, det har han verkeleg gjort i alle desse åra som no ligg bak oss. Og det vil han framleis gjera, heilt til han har fullført det han har planlagt for iraqwfolket. «Eg veit at du maktar alt. Ingen ting er umogeleg for deg når du vil det.» Job 42,2


Skrive av: Nora Klungseth