Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Festdag i Qwam

Utgave 2, 2018.


Det er fest for å dela ut vitnemål i den Lutherske kyrkja i Qwam, og det er avslutningsfest for den siste leseklassen i Mamaisara. Seksten elevar starta, og fjorten gjennomførte skulen. Ein av elevane las opp eit kort tilbakeblikk frå då klassen vart starta. Skulesjefen i Muray, landsbysjefen i Qwam, presten der, evangelisten og mange andre hadde møtt fram.

Skulesjefen fekk koma med ei helsing. Han sa at denne undervisninga hadde blitt til stor hjelp for mange, og dersom det var mogleg, ville han at undervisninga skulle halda fram i landsbyen Qwam.

Elevane song to songar. Vi delte ut vitnemåla og gav ein bibel til kvar elev. I tillegg fekk dei eit ark med bibeltilvisingar under ulike emne, som ei hjelp i bibel-lesinga. Presten og hovudlæraren var med på utdelinga, og elevane gledde seg storleg ved å ta imot desse gåvene.

Her på biletet ser de jenta som las for oss og som etter ni månader med skulegang tek imot vitnemål, bibel og ark om bibellesing. Ved sida av står mora som også er elev på dette kurset.

Elevane viste stor og hjarteleg glede. Denne klassen gjorde det svært bra. Evangelisten oppmuntra dei med bibelvers frå Ordtaka 4,6 og Johannes 1,12. Ordtaka 4,6: «Forlat ikkje Visdommen, så vaktar ho deg, elsk henne , så vernar ho deg.» Johannes 1,12: «Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.»


Skrive av: Agnes Philipo