Joh 21, 1 - 14
Han hadde synt seg for dei før. Dei kjende han, visste han hadde stått opp att, og han hadde synt seg for dei. Men no var tvilen og mismotet kome... og dei hadde gått tilbake til fiskegarna. Så kjem han, stilt, uventa, serverer frukost for dei – der på stranda, - rører ved hjarterøtene – endå ein gong. (vers 12)
Han hadde openberra seg for dei på så mange måtar. I storm på sjøen. I herlegdomsglans på fjellet, ved vinunderet i bryllaupet, - ved dei mange han lækte undervegs. Påskekvelden kom han til dei gjennom stengde dører. Jau, det skulle ikkje vera tvil.
Men denne gongen . . . (vers 4 – 6) Han berre stod der på stranda, då alt var mislukka for dei. Fyrst dette med å fylgja Jesus... No hadde dei mist han, dei hadde mist trua, og gitt opp. Så hadde dei gått tilbake til sitt gamle yrke – og opplevde svarte garn.
Så stod han der berre på stranda, kallar dei born, gir dei ein ordre. Kjende dei han? – Eg veit ikkje. Men der var nok noko som rørte seg i dei. I alle fall gjekk dei på hans ord. Det blei vegen ut or mørkret for dei.