Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Glytt frå arbeidet

Utgave 1, 2020.


Glytt frå arbeidet

ILCT sitt arbeid i Mbulu-distriktet har god framgang i tre sokn i Dongobesh prosti: Tumati, Hare/abi og Qaloda. Det går også greitt med kontoret sine oppgåver i å besøkja elevane i klassane og oppmuntra dei. Kontakten med leiarane i kyrkjene når det gjeld nye klassar, filmframvising og A-seminar går bra. Det same gjeld barnehagen. Betaling av skulepengar ved forfall er betre. Vi fekk nyleg nye uniformer til nokre av barna i barnehagen, sydd av ein skreddar i Arusha. Den 2. oktober bestemte eg meg for å besøkja klassen i den lutherske kyrkja i Utwari, den som har valt å starta klokka sju om morgonen. Eg måtte starta frå kontoret før klokka seks for å nå fram i tide. Av 20 innskrivne elevar, møtte eg 18 den morgonen.

Dei er flinke til å møta opp kvar dag, og det er til oppmuntring for lærarane. Dei startar klokka sju o i andre område også, slik som i Mongaháy. Det er til glede for lærarane, som bur der ved kyrkja, at den eine klassen valde undervisning om morgonen, for då slepp dei å gå arbeidsledig heile føremiddagen. Elevane set stor pris på å få undervisninga såpass tidleg på dag.

Vi planlegg avslutningsfest og vitnemålutdeling i tre landsbyar: Labay, Yarotamburda og Harsha. Samstundes har vi kontakt med kyrkjeleiarane om oppstart av nye klassar.

Utdeling av vitnemål i landsbyen Labay

Det er ei veldig stor glede for meg å møta elevar som har gjennomført ni månaders undervisning og har lært å lesa, skriva og rekna, og dette er noko stort å takka Gud for.

Den 29. oktober var det utdeling av vitnemål og fest for begge klassane i Den Lutherske Kyrkja i Labay. Eg var saman med Nicodemu Ammi og presten Yusto Madangi under utdelinga. Det var 27 som tok eksamen. Noko som var til stor glede her, var at så mange av elevane møtte opp allereie kl. 7.00, mange timar før den fastsette start-tida! Dei skofta ikkje, men kom kvar einaste dag. Difor vart det to klassar i Labay, ein for dei som kunne koma om morgonen og ein for dei som kunne koma midt på dagen. Ein annan ting som skapte stor glede og oppmuntring, var at ein elev gjekk frå Endoji til Labay kvar skuledag, 9 km t/r. Eleven makta dette fordi han hadde slik trong til å læra.

Denne dagen var eit godt høve til å oppmuntra han til endå større iver, for nå skal me starta klassar i landsbyen Endoji også, der han sjølv bur.

Avsluttingsfest i Harsha

Den 3. desember var ein fin dag Gud hadde planlagt til utdeling av vitnemål i TAG Harsha. Det var spesielt kjekt at alle elevane var unge, under 18 år. Men dei som var igjen av dei påmelde og tok eksamen, var berre sju elevar.

Den dagen dei fekk vitnemåla sine var eit fint høve for å tala til desse ungdommane. Dei var lydhøyre og interesserte i å få med seg alt som skulle skje.

Presten deira, Lolo, var der, og han opna med andakt. Han bad klasseleiaren Marselina leia festen, og det klarte ho svært bra.

Først inviterte ho meg til å ha eit kort innlegg og deretter til å dela ut vitnemåla. Eg har ikkje så lett for å vera kortfatta, og denne gongen vart eg så inspirert av desse unge at eg sa enda meir enn vanleg. Først gav eg dei orda frå Jesaja 59,21: «Dette er mi pakt med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt i din munn, skal ikkje vika frå din munn og ikkje frå munnen til borna og barneborna dine, seier Herren, frå no og til evig tid». Deretter sa eg fylgjande: «Nå har de lært å lesa, skriva og rekna. Men læringa er ikkje slutt i dag. De kan fortsetja å studera sjølve ved å lesa bøkene de har fått. De kan lesa i grupper på to eller tre heime, lesa Bibelen og lærebøkene Jifunze. De har fått iraqwbibelen, katekisma og arket «Alee/isoó ta sleer baraá Biblíaro.» (Bibelvers som gjev hjelp og trøyst).

De må fortsetja å lesa katekisma og lærebok Jifunze 1 og 2. Eg oppmodar dykk til å vera i lag med dei gamle som ikkje klarer å koma til kyrkja, og å lesa Guds Ord for dei. På den måten vil de styrka leseevna og få hug til å studera meir.» Noko anna som begeistra var det eg sa om kor viseleg Gud har skapt lemmene våre slik at me kan arbeida: «La meg seia dykk noko som vil hjelpa dykk heile livet: Hovudet du har, har du fått for å kunna tenkja kva du skal gjera i framtida. Beina leier deg dit du kan utføra arbeidet, og hendene kan gjera det arbeidet du bestemte deg for å gjera.

Nå er de unge, og Gud har gitt dykk evner. De kan vurdera om de vil dyrka kvitløk og selja den her å Harsha, eller om de vil gå på yrkesskule og læra å byggja hus, laga murstein, snekra bord, stolar og vindauge, alt etter den utdanning de får. Ha vilje til å utvikla lærdommen dykkar!» Alle stader sender elevane våre helsing til dykk og seier hjarteleg takk til deg som har vore med og gjort dette mogeleg. Dette er godt og noko Gud gleder seg over. 1. Tim. 2, 3-4.


Skrive av: Agnes S. Philipo Omsett: Kjellfrid Eggebø