Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Siste gongen, enn så lenge

Utgave 1, 2020.


Det vart ikkje norsk jul på oss, slik vi hadde planlagt. Vi måtte forlenga opphaldet i Mbulu med 4 - 5 veker, men jul vart det. Julafta var det stor aktivitet på kjøkkenet. Fire hanar måtte slaktast, poteter og grønsaker måtte hentast frå åkeren og frukt til dessert måtte plukkast. Å laga julemiddag for 21 tilsette tek si tid, men Mama Ima er god til å administrera damene på kjøkkenet. Gabriel og Vitalis sytte for at råvarene kom mest gryteklare inn frå hønsehuset og hagen. Juleevangeliet vart lese på tre språk, iraqw, swahili og norsk.

Julesongen fekk mest taket til å letta. Julafta saman med dei tilsette vart avslutta med at det vart kveikt eit lys og bedt for alle. Agnes tok opp eit lys og sa namnet til ein av oss. Nicodemu kveikte lyset og det vart bedt ei bøn for oss alle, ein etter ein. Ei uforgløymeleg julafta!

Tredje juledag måtte vi ein tur til Arusha på ein konferanse. Dermed vart julehelga kort for Agnes og Nicodemu, som var med oss. Godt å få koma vekk litt for å evaluera og fordøya ting og tang, og for å planlegga vegen vidare saman med ILCT sin styreleiar, Elias Goroi, før vi reiste heim for å ta i mot det nye året.

Nyåret starta med to hektiske førebuingsdagar til A-seminaret vi hadde lova dei seks «Imbori 2019»- ungdomane som skal vera ungdomsaktivitørar i Mbulu District i 2020. På A-seminaret 17. desember var det berre ein av dei seks som kunne delta. Difor måtte vi ha eit ekstra A- seminar den 6. - 8. januar. Då dei hadde fått vitnemålet og bøkene sine, kom ein av gutane bort til meg og fortalde at han skulle reisa rett heim og visa foreldra sine kva han hadde fått. Etterpå, «i denne kveld, vil eg besøkja bestefar, som ikkje kan swahili, og lesa frå iraqwbibelen for han. Og så gler eg meg til å gjetta gåter med bestefar.»

Desse seks ungdomane skal reisa rundt i fylket (Mbulu District) og driva positive og byggande aktivitetar for tenåringar og unge vaksne. Det nye i år er at dei, i tillegg til fotball- og handballspeling, også skal halda B-seminar, lære dei unge å lesa morsmålet og iraqwbibelen. Alle som går på desse B-seminara får ein iraqwbibel. I tillegg til bøkene dei treng for å halda seminar, fekk dei ein kopi av gåteboka Siínik, ei av bøkene frå folkeminneserien til Frøydis. Så gåtegjetting vert også ein ny aktivitet.

Det vart ein tøff start på 2020, særleg for Nicodemu. Første veka vart heilt spesiell, med A- seminar for ungdomane frå måndag til onsdag. Onsdag ettermiddag, etter at ungdomane hadde gått heim, måtte han førebu seg til filmkveld i Halaqa nokre timar seinare. Neste dag, torsdag 9. januar, starta A-seminaret han hadde planlagt i desember, men som vart avlyst på grunn av to dødsfall. Over 300 såg filmen om Jesu liv onsdagskvelden. Tidleg torsdag morgon starta A-seminaret med 27 deltakarar, men flokken vaks utover dagen til 31. Alle var ivrige og gjorde det godt på tentamen. Nokre av dei beste blei spurt om dei kunne tenka seg å vera hjelpelærarar i leseklassane for analfabetar, som vi skulle opna i deira landsby, Halaqa. Det var ordføraren (landsbysjefen) i Halaqa, som ba oss opna leseklasse der.

Nicodemu fortalde at dette seminaret hadde vore heilt spesielt. Deltakarane gledde seg og såg fram til å kunne lesa Bibelen på hjartespråket. Dei hadde eit sterkt ynskje om å vidareformidla det dei hadde lært. Og dei sende helsing til Frøydis og til deg som er med på å gjera dette arbeidet mogeleg, med forbøn og økonomisk støtte. Dei helsa med 1. Kor. 4, 1-2: «sjå på oss som Kristi tenarar og forvaltarar» og 2. Tim. 1, 3: «hugsar eg stadig på deg natt og dag i bønene mine».

Dagane i Mbulu var som vanleg overfylte med små og store oppgåver. Vassproblemet gjorde det ekstra vanskeleg for Mama Ima, Aloice og barnehagen. Stor takk til dykk som hjelpte oss med å fullføra arbeidet med vasstankane!

Det har vore for mange oppgåver å ta hand om for Agnes når eg har vore i Norge. No er ansvaret for den daglege drifta fordelt på Agnes, Nicodemu, Aloice og Mama Ima. Mama Ima er husøkonom, Aloice har ansvar for utområdet, Agnes er rektor og Nicodemu er dagleg leiar. Lat oss omslutta dei med forbøn, og gje dei den hjelp dei treng for å fullføra verket.


Skrive av: Nora Klungseth