Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Løpet er ikkje kjørt

Utgave 1, 2020.


Nyleg heimkomen etter tre månader i Tanzania (nov.- jan.), må eg få takka deg for helsingar og forbøn i denne tida. Godt at du står med! Godt å koma heim att, men med sorg les og høyrer eg korleis den eine misjonsorganisasjonen etter den andre må trekka seg ut or Tanzania. Aldri før har eg sett så mange vidopne dører for evangeliet, og ein slik iver etter å formidla det, som no. «Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over, han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.» 1. Tim. 2, 3-4. Løpet er kan henda kjørt for misjonen, men løpet er ikkje kjørt for Gud. Ordet arbeider, og vender ikkje tomt attende. Godt nytt arbeidsår!

Varm helsing og takk,


Skrive av: Frøydis Nordbustad