Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Tredagars lesekurs.

Utgave 5, 2019.


Kjære venner!

Me sender stor takk til Gud for det gode arbeidet som vart starta av lærar Frøydis med undervisning i å lesa og skriva språket vårt, iraqw. Me visste ikkje korleis me skulle lesa og skriva lydane i dette språket, men nå kan me det. Og arbeidet held fram med stor iver! Folk likar det og gler seg når dei høyrer at me skal ha kurs for å læra å lesa og skriva iraqw, morsmålet vårt.

Frå starten av juli til oktober 2019 har me undervist 70 lesekunnige vaksne, 20 menn og 50 kvinner. Alle har kome i mål! Dei takkar svært og seier at før kunne dei ikkje lesa eller skriva morsmålet, men nå har dei lært det. At dei nå kan lesa Bibelen på sitt eige språk er dei svært glade for. Derfor har mange òg blitt oppfordra til å kjøpa iraqw-bibelen.

Desse kursa har blitt haldne på fem stader. I kvar av kyrkjene sender dei stor takk til ILCT-kontoret i Mbulu og til ILCT i Norge. Ein spesiell takk går til lærar Frøydis som har lagt grunnen for denne opplæringa, og likeins takk for hennar gode råd og idear til undervisninga. Må Gud gi henne kraft!

Amen.


Skrive av: Lærar Nicodemu Ammi, Omsett av Kjellfrid Eggebø 5.12.2019