Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Gjensynsglede

Utgave 5, 2019.


Seint om kvelden 30. oktober landa vi atter ein gong på KIA, flyplassen vår i Tanzania. Dei tilsette på flyplassen ropa «karibu, karibu» (velkommen, velkommen) då dei såg Frøydis koma ut or flyet. Agnes og Elihuruma venta på oss der. Gjensynsgleda var stor for oss alle. Agnes hadde mykje nytt å fortelja, og praten gjekk til langt på natt etter at vi hadde kome på plass på hotellet.

Dagen etter reiste vi vidare til Mbulu. Vi tok oss ikkje tid til å stoppa i Arusha denne gongen. Då vi nærma oss Mbulu, kom ei dame springande ut or hytta si då ho høyrde lyden frå bilen vår, vinka med begge armane og «sjangilia», jubla. Ryktet om at vi skulle koma tilbake hadde gått føre oss. Ein mann hoppa av sykkelen, bøygde seg djupt og helsa med huva.

I Mbulu venta dei på oss med festmat, takksame for at Gud hadde høyrt bønene deira og sendt oss tilbake enda eingong. «Som å koma heim», sa Frøydis då vi gjekk til ro om kvelden.

I fleire år har vi søkt om å få fella nokre store tre, som kunne gjera stor skade om eit stormkast felte dei. Då ville taket på lærarskulen og på hovudhuset bli øydelagde. Det har vore vanskeleg å få slikt løyve. Men fordi det nettopp hadde vore kraftig storm og uvêr som hadde gjort stor skade på hus og straumnett her i nærområdet, fekk vi løyve til å fella åtte store tre, 8-10 meter høge. Same dagen som vi kom, kom også skogforvaltaren og troppen hans saman med e-verket for å ta seg av fellinga, så det var mest ikkje råd å koma inn på tomta pga. alle trea som låg der. Kvardagen innhenta oss fort, med skogsarbeid, data- og vassproblem m.m. Mykje å ta tak i, men også mykje å gleda seg over.

Den 28. november vart vi inviterte til å vera gjester på eit årleg arrangement, «Imbori 2019», som den kristne radioen Habari Njema arrangerer for ungdom. Kvart år vert det valt seks ungdomar, tre jenter og tre gutar, til å vera ungdomsleiarar i sine område i eitt år. Dei skal prøva gjera noko positivt for dei unge i sitt lokalmiljø. Sport og ymse tradisjonelle leikar har vore aktivitetane til no. Vi vart bedne om å koma med nye idear til aktivitetar for dei. Vårt forslag var at desse 6 ungdomane kunne få delta på eit A- seminar og etterpå få halde B-seminar for andre ungdomar. Vi hadde planlagt å ha eit A-seminar for nokre av dei tilsette 17.desember, og desse ungdomane er inviterte til å delta der.

Dei skal få kvar sin bibel etterpå. Dei er valde som ungdomsleiarar for 2020 og skal starta arbeidet sitt i januar. Ei ny dør er opna, «ein Kongsveg for vår Gud», inn til ein ny generasjon. Dette kan utvida seg som ringar i vatn, slik det gjorde i 2004 med alle seminara vi hadde då, før iraqw-bibelen vart lansert.

Førre veke var barnehagen mest i fokus. Det var årsavslutning i barnehagen på fredag (6. desember), og avslutningsfest for seksåringane. Dei hadde hatt eksamen i swahili og engelsk, med lesing, skriving og diktat i begge faga. Imponerande å sjå kor godt dei klarte diktat-oppgåva! Matte oppgåvene var som ein leik for dei fleste. Bertha gledde seg over å få visa Frøydis eksamensresultatet. (sjå bilete neste side) Og det var stor stas da dei fekk vitnemåla sine. Det er 20 av borna (seks- og sjuåringane) som skal byrja på skulen i januar, og dei er godt førebudde til det fagleg. Med den grunnleggande kristendomskunnskapen dei har fått, har dei eit godt utgangspunkt for vegen vidare. Skuleåret byrjar i januar her. Ventelista til barnehagen er lang, og 20 nye born ser fram til å byrja der den 6. januar. Nokre foreldre prøver å betala litt for å snika i køen, men blir bestemt avviste, for det er null-toleranse for korrupsjon i ILCT på alle plan. Mange ber oss om å utvida barnehagen, så det kan bli plass til fleire frå ventelista. Arbeidet i barnehagen er svært vellukka, men dei har eit stort vassproblem. Dei får vatn frå bynettet berre to timar annankvar dag, og det er ikkje nok til å dekka 40 born og 8 vaksne sitt daglege behov. Dei treng ein vasstank som kan samla opp regnvatnet i regntida. Ein slik tank vil kosta ca. kr. 43000 (10 mill. Tsh.). Dei har starta med graving, men vi har stoppa det inntil vidare til vi ser om vi har økonomi til å fullføra det.
Elles har det vore fleire avslutningsfestar for leseklassane, og nye klassar har starta. I ein landsby kom landsbysjefen til Agnes ein dag og bad om at vi måtte koma til hans landsby for å ha ein leseklasse, fort, fort, for han kunne ikkje lesa og skriva. Vi kan ikkje starta leseklasse for deg åleine, hadde Agnes svara. Då hadde han sett i gang med å samla inn nok elevar til å fylla ein klasse, 15 vaksne.

I kveld, 10. desember, skulle vi ha starta opp arbeid i den landsbyen med film i kveld, A-seminar i morgon og leseklasse så fort som mogeleg. Men då Nicodemu og Elihuruma kom til Halaqa i kveld, kunne dei ikkje visa filmen og heller ikkje starta A-seminar i morgon pga. to dødsfall i dag. Telefonproblem var orsaka til at Agnes ikkje hadde fått melding om dette før dei reiste dit. Slik vert kvardagane ofte svært krevjande pga. dårleg kommunikasjon og lange avstandar. Dei tek det med eit smil, men eg ser dei vert trøytte. Dei treng oss på mange måtar, meir enn før. Lat oss fortsetja med å gje dei formålstenleg hjelp. Det er fleire opne dører no enn før, og børa er tung for dei som ber den.

Det vert ikkje «Norsk Jul» på oss i år. For mykje å ta tak i her før vi kan reisa heim, men jul vert det, sjølv om det vert utan snø, pinnekjøt og juleribbe. Julebodskapen er den same: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det født dykk ein Frelsar». Luk. 2, 10-11a.

Lat oss gjera Martin Luther sin julesong frå 1533 til vår, og syngja: «Han er frelsar min, Han er frelsar min».

I takksemd sender vi varme tankar og ynskjer deg God Jul og Godt Nytt År!

Mbulu, 10. desember 2019


Skrive av: Nora Klungseth og Frøydis Nordbustad