Første onsdag i kvar månad kl. 8.30 er det stabsmøte for dei tilsette på Ujenzi. Tidspunket for dette møtet er tilpassa den som kjem frå nattevakt. Men klokkeslettet høver ikkje for dei tilsette i barnehagen, så då er det ikkje mogeleg for dei å delta der.
Borna kjem til barnehagen mellom 8.00 – 8.30. Men dei tilsette i barnehagen har òg behov for å ha ein dag dei der dei kan møta leiarane og snakka om utfordringar og gleder. Difor fekk dei sitt eige stabsmøte for barnehagen første torsdag i månaden.
Stabsmøte for barnehagen 8. mars.
Vi har 8 tilsette i barnehagen; 6 lærarar og 2 vaktmenn (dag/natt), og dei har 40 born å ta seg av. Alle skal ha mat, så på kjøkkenet i barnehagen har dei mykje å ta hand om. Ja, Victoria Safari, kjøkkenhjelpa, har travle dagar. Når 8 vaksne og 40 born skal ha både mat og drikke, trengst det ein del utstyr. Drikkevatnet skal både kokast og filtrerast. Men med to 20- liters filter går det bra, seier ho.
Barnehagen var stengt i den to veker lange påskeferien, men lærarane måtte først ha storreingjering og rydding der før dei kunne ta ferie. Alle leiker og alt inventar blir grundig reingjort. Den 3. april er det eitt år sidan vi opna barnehagen. Mange born hadde venta lenge på det. Forventningsfulle og spente kom dei den første dagen. No, eitt år seinare, møter dei oss trygge og glade når vi kjem, og helsar oss på swahili, iraqw og engelsk. I morgon, (13. april), skal eittårsdagen feirast med vaflar,
gulrotkake og brus for borna, foreldre og ein representant frå Mbulu-bystyret. Men Frøydis er den sjølvskrivne æresgjesten.
Vi kom tilbake til Mbulu 1. mars, og det har vore travle dagar. Vekene har vore overfylte med positive aktivitetar. Mange nye og gledelege ting har skjedd, og mange brikker fell på plass no. Ting vi har streva med lenge berre skjer og legg seg til rette. Takk for forbøn! Eg kan ikkje ta med alt her, men det vi opplevde denne veka, 9. – 13. april, må de få del i.
Dei første elevane i leseklassane våre fekk ikkje biblane sine, fordi vi ikkje hadde. Men no har vi biblar. Difor kalla vi inn alle elevar som ikkje hadde fått bibel på avslutningsfesten. Gruppevis kom dei frå Daudi, Datlaa, Muuray og Kainam. Kvart område fekk sin eigen dag. Det var eit stort førebuingsarbeid. Alle elevane skulle kontaktast, namn og helsing skulle skrivast i alle biblane. Mama Ima og Regina måtte gjera innkjøp. Å laga mat til 459 menneske er litt av ein jobb. Men det greidde dei godt, med litt hjelp av Mama Pend og Juliane til oppvasken. Serveringa av maten til alle desse var godt organisert, og Mama Ima og Regina gjorde det til ein fest for alle.
I flokk og fylgje kom elevane, dag etter dag, saman med læraren sin. Biblane delte Agnes, Frøydis og Sauli ut frå bokhandelen. Nicudemus ropte opp namna. Ein etter ein kom dei inn for å få bibelen sin. Denne veka inntok 459 iraqw-biblar nytt land, nye grender og nye heimar. Jamf. Josva 18, 3.
Frøydis Nordbustad gjekk rundt og helste på gruppene. Det var stor stas for alle, men ikkje minst for henne som var 91 år. Ho kom frå Muuray for å helsa på Frøydis og for å få bibelen sin. Varm helsing frå alle medarbeidarane i Mbulu.