Tumati var den første plassen der eg var med i arbeidet saman med Anna Strøm. Vi hadde sykurs for elevane frå folkeskulen. Det å halda ei nål og å sy med den, var nytt og vanskeleg for desse elevane. Sykurset fekk vi ha i klasserommet på skulen.
Etter sy-undervisninga var det andakt. Eg brukte flanellograf. Dette var så tidleg at eg berre snakka norsk. Men Anna Strøm, som var svensk, omsette til swahili. Sidan altså ingen av oss kunne iraqw, føregjekk alt på på norsk, svensk og swahili denne første tida.
Handelsmannen i Tumati var ein av dei vi kunne stø oss på, og eg handla der. Vi arbeidde i Tumati og Qaloda og i ein landsby i nærleiken av Dongobesh. I Dongobesh underviste vi på Evangelistskulen.
Anna ynskte å utvida arbeidet. Så vi starta opp på tre nye plassar. Der måtte vi vere varsame pga. Elefantane. Ein gong kunne vi ikkje reisa heimatt pga. av dei, og då fekk vi overnatta hos «adoptivbroren» min, Mallange.
Det vart mange tøffe turar. Vi var annakvar veke på kvar plass. Etter ei tid gjekk eg over i bibelomsetjingsprosjektet. Då vart arbeidsplassen min Mbulu. Det er underleg å sjå korleis Gud arbeider. No er vi tilbake til utgangspunktet, og har starta leseklassar der eg før hadde sykurs.
Jes. 46: 10 og 55: 11.