Kvelden den 29. september reiste vi til Endalah i Bashanet prosti for å visa filmen om Jesu liv. Vi kom dit klokka 19 utan problem og vart godt mottekne. Da klokka var halv åtte starta vi filmen, og der var veldig mykje folk, meir enn 300.
Der var både barn og vaksne, og alle gledde seg storleg over å få sjå filmen om Jesu liv på deira eige språk, iraqw. Dei takka svært dei som hadde sett i gang dette tiltaket. Etter filmframvisinga vart eg, lærar Nicodemu, att for å halda eit tredagars lesekurs i iraqw for lesekunnige der 16 vaksne deltok. Det vart eit spesielt vellukka kurs, for alle deltakarane møtte ivrig opp kvar dag.
Den tredje dagen tok alle eksamen, og sidan evangelisten der var ein av elevane, bad dei leiaren i ILCT vera æresgjest og dela ut vitnemåla. Lærar Agnes gjekk såleis med på å komma og gjera dette. Etterpå kjøpte alle deltakarane iraqw-bibelen. Dei takka for at dei hadde fått lesekurs og at dei fekk kjøpa biblar til redusert pris. Dei hadde også eit sterkt ynskje om å få tak i songhefte, om det var mogleg, slik at dei kunne bruka songane til gudsteneste i kyrkjene sine.
Til slutt sende alle deltakarane og evangelisten mange helsingar til lærar Frøydis og alle leiarane i ILCT i Mbulu og Noreg.